www.eid.vgs.no

Klage på karakter

Du kan klage på eksamenskarakterar.

I følgje forskrift til opplæringslova § 5-5 er det ti dagar klagefrist på eksamenskarakter. Fristen reknast frå det tidspunktet klagar er blitt kjend med eller burde gjort seg kjend med karakteren.

Om du klagar på karakter til munnleg eksamen, skal klagen grunngjevast. Om du klagar på karakter til skriftleg eksamen, er ikkje dette nødvendig. Ved munnleg, munnleg praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil.

Meir om klage på vurdering i kapittel 5 i opplæringslova.

Dersom du nyttar høve til å klage på eksamenskarakteren, vil ikkje resultatet av klagen ligge føre før fristen for oppmeling til hausteksamen er ute. Du må derfor melde deg opp til hausteksamen innan fristen dersom du ønskjer å gå opp til eksamen på nytt. Dette gjer du på PrivatistWeb. Skulle du få medhald i klagen og ønskjer å trekke oppmeldinga, ta kontakt med eksamenskontoret@sfj.no. Du vil då få tilbakebetalt prøveavgifta.

Korleis klager du?

Klagen må vere skriftleg, datert og underskriven. Klagen skal sendes til eksameneskontoret per post eller som vedlegg til e-post:  

Eksamenskontoret                            eller                           eksamenskontoret@sfj.no
Postboks 524
6803 Førde

For meir informasjon, ta kontakt med eksamenskontoret@sfj.no.

 

Skjema for klage på eksamenskarakter - skriftleg eksamen

Skjema for klage på eksamenskarakter - munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Relaterte lenker