Foto av Åshild Kjelsnes på talarstolen i fylkestinget.

Kjelsnes med verv i Nordsjøkommisjonen

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes er valt til vice chair (assisterande leiar) i den marine ressursgruppa i Nordsjøkommisjonen.

Ressursgruppa blir leia av svenske Anders Fasth frå Västra Götalandsregionen, som har med seg to assisterande leiarar. Kjelsnes er valt for to år ser fram til å arbeide saman med politiske representantar frå ulike delar av nordsjøområdet.

Vervet kan vere ei kjelde til mykje kunnskap og mange erfaringar, som fylkeskommunen kan ta med seg i eige arbeid. Det gir eit godt politisk nettverk, som strekker seg utanfor landegrensene.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem av Nordsjøkommisjonen, som er sett saman av 35 regionar i åtte land. Kommisjonen frontar særleg interessene til dei maritime regionane inn mot ulike organ i EU. Erfaringsutveksling, felles idéutvikling og konkrete samarbeidsprosjekt er andre viktige sider ved arbeidet.

For meir informasjon

Lena M. Søderholm
Fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven