Fotograf: Atle Grimsby. Flickr

Fotograf: Atle Grimsby. Flickr - cc by-nc

Jakt på sel

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev kvart år løyve til å felle sel. Tal jaktbar sel vil kunne variere frå år til år, og mellom artane. Jeger har plikt til å halde seg oppdatert om det er at dyr på kvota. Dette kan du gjere på denne heimesida.

Når du har felt ein sel, skal dette straks meldast til fylkeskommunen på e-post post@sfj.no eller på telefon til 57 63 80 00 (i ordinær arbeidstid).

Når den samla kvoten eventuelt vert fylt vil fylkeskommunen stogge jakta (på den aktuelle arten) og sende melding om dette til jegerar som har løyve til å jakte kystsel i Sogn og Fjordane.

Kart med oversikt over område for seljakt i Sogn og Fjordane.

Steinkobbe

Årets kvote for jakt på steinkobber er no brukt opp, noko som betyr at jakta er stogga for 2017.

Sogn og Fjordane har i 2017 ein samla kvote på 25 steinkobbar. Kvar jeger vert tildelt ein maksimalkvote på fem steinkobbar, for å sikre at samla kvote ikkje vert overskriden. Jakttid for steinkobbe er frå 2. januar til og med. 30. april og 1. august til og med 30. september. Det er forbode å drive jakt på steinkobbe i indre Sognefjorden med sidefjordar.

Det er eit generelt jaktforbod i sjøfuglreservata og våtmarksreservata. Det er gjor unntak for desse sjøfuglreservata, der jakt etter verneforskriftene er tillate i tida 10.9.-31.3.: Askvoll: Kuøyna, Raudøy, Krokholmen, Kvannholmen, Prestøy Bremanger: Skorpeholmane, Haukedalsholmane Flora: Nekkøytåa, Indre-Ånnøy, Timberøyholmane, Trefotskjera, Karsskjeret Fjaler: Holmelidholmen Solund: Ramsholmen, Mågøyane

Havert

Området sør for Stad har ein kvote på 60 havert (samla kvote for område Lista–Stad) og jaktperiode frå og med 1. februar til og med 30. september. Område Nord for Stad har ein kvote på 105 havert (samla kvote for område Stad-Lofoten) og jaktperiode frå og med 2. januar til og med 15. september.

Jakt på grønlandssel

Fri jakt på grønlandssel langs Norskekysten. Jaktperioden er mellom 2. januar og 30. september.

Korleis søke om løyve

Bruk søknad om felling av kystsel og fyll ut opplysningane som krevst. Kopi av skyteprøve MÅ følgje søknad.

Om du hadde fellingsløyve på sel for førregåande år og ikkje har sendt inn fangstskjema, vil du få avslag på søknad om fellingstillatelse.

Søknad om seljakt sendast til:

Elektronisk:

post@sfj.no

eller til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

Felling av sel som går opp i vassdrag

I forskrifte om regulering av sel på norskekysten står det:

"Sel som oppholder seg i vassdrag der det går laks, sjøørret eller sjørøye kan avlives etter tillatelse fra Fiskeridirektoratets regionkontor."

Det vil si at søknad skal sendast til Fiskeridirektoratet region vest.
Send søknad enten på e-post til postmottak@fiskeridir.no
eller sende skriftelig til Fiskeridirektoratet region vest, postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Frode Hovland
Seniorrådgjevar
frode.hovland@sfj.no
959 92 695

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00