Internasjonalt

Det internasjonale arbeidet til fylkeskommunen er styrt av den internasjonale strategien som vart vedteken i 2014.

Det internasjonale engasjementet er knytt til fylkeskommunen som forvaltningsorgan og som leiar av den strategiske samhandlinga med andre regionale og statlege aktørar 

Det internasjonale arbeidet er ikkje ei satsing eller ein eigen sektor. Det fungerer som ein reiskap for å nå måla som er sette i fylkesplan og andre fylkeskommunale planar/strategiar. Den internasjonale strategien gjeld alle sektorane fylkeskommunen har ansvar for. 

Det er også eit mål at fylkeskommunen skal lage ein eigen strategi for partnarskapen. Der vil vi identifisere kva felles utfordringar og løysingar partnarskapen vil samle seg om når det gjeld det internasjonale engasjementet. 

Gjeldande internasjonale strategi vert styrt av dei ulike rollene fylkeskommunen spelar:

  • Ombodsrolla (politikarrolla og evne til å hevde interessene og å presentere regionalpolitiske oppgåver på politiske arenaer regionalt, nasjonalt og internasjonalt)
  • Partnarskapsrolla (vere med å koordinere innsatsen i den regionale partnarskapen)
  • Ansvar for eigne tenester (vidaregåande opplæring, vidaregåande skule, samferdsle, kultur, næring)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven