www.eid.vgs.no

Solosong framfor eir kor.

Internasjonalt kor

Førde internasjonale kor er ein møtestad der innvandrarar, flyktningar, asylsøkjarar og nordmenn treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Kvar tysdag kl. 18.00 - 19.30 møtast ei stor gruppe i Førdehuset for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne! 

Song og inkludering

Hausten 2013 gjekk Førde kommune, Førde kyrkje v. KIA, Førde Røde kors og Sogn og Fjordane fylkeskommune saman og starta prosjektet Førde internasjonale kor.

  • Vi vil ha eit syngande samfunn (singing cities)
  • Vi vil skape ein møteplass på tvers av alder og nasjonalitet.
  • Vi vil bidra til glede, oppleving, kreativitet, identitet, inkludering, helse og eigenutvikling.

Informasjonsfilm

Korleis

I eit veksande fleirkulturelt samfunn treng vi opne møteplassar. Alle kan vere med i Førde internasjonale kor - heilt gratis. Koret er livssynsnøytralt. Gjennom deltaking og felles opplevingar vil vi bidra til trivsel og tilhøyre for innvandrarar, flyktningar, asylsøkjarar, studentar og busette i Førde og omegn.

Musikkterapeut frå Sogn og Fjordane fylkeskommune har det musikalske ansvaret.

Vår modell

Koret vårt er organisert i tre nivå:

  1. Styringsgruppa har økonomi- og driftsansvar, der organisasjonane som står bak koret deler driftsoppgvene.
  2. Medlemsstyret har praktiske oppgåver, føl opp medlemmer og aktivitet.
  3. Koret har øving kvar veke

Styringsgruppa er samansett av ein representant frå kvar part, og har minimum to møter i året.

  • Førde Røde Kors: økonomi og frivillige
  • Førde Kulturskule: økonomi og dirigent
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune: dokumentasjon og initiere forsking
  • Førde kyrkje / Førde KIA: logistikk, mat, sekretær for medlemsstyre
  • Førde frivilligsentral

Medlemsstyret er samansett av leiar og fire styremedlemmer og vert valt av koret. Leiar vert valt på årsmøtet for eitt år om gangen. Styremedlemmer vert valt for to år om gongen slik at to av fire medlemmer er på val ved kvart årsmøte. Det skal førast protokoll frå kvart utvalsmøte.

Medlemsstyret

  • skal vere med i drøfting av repertoar
  • skal vere med i drøfting av oppdrag, reise og musikalske arrangement
  • har ansvar for oppdatert medlemsliste
  • har ansvar for rigging og rydding ved arrangement
  • skal arbeide for faglege og sosiale tiltak som er til nytte for medlemmene
  • skal førebu årsmøte og val av arbeidsutval
  • skal skrive årsmelding
  • skal følje med på moglege tilskotsordningar

Kvifor

Det skal vere godt å bu i Sogn og Fjordane. Kultur og musikk vert sett på som viktig, dagane får meining gjennom aktivitetande vi tek del i. Musikk er universelt, og kor er ein av få arenaer vi kan meistre godt uavhengig av bakgrunn, kompetanse og alder.

Kor utgjer ein viktig del av grunnmuren i norsk kulturliv. Ved å styrke dei fremste på dette feltet, stimulerer vi til vekst nedanfrå, seier kulturminister Thorhild Widvey. Sidan 2013 har det offentlege ynskt å styrke songkulturen og songgleda rundt i landet, deriblant prosjektet Krafttak for song.

Asylsøkjarar og flyktingar er ei sårbar gruppe og forsking viser at det største helseproblemet blant flyktingar er av psykisk art (PTSD, depresjon, angst). Minst 10-15.000 flyktingar i Noreg skal ha blitt utsett for sterke traume. Fråvær av sosialt nettverk, passivitet og venting i mottak er forhold som belastar den psykiske helsa ytterlegare (Brunvatne, 2006, Flyktninger og asylsøkere i helsetjenesten).

Det er få førebyggjande og helsefremjande tiltak for denne gruppa, og bruk av kulturelle verkemiddel er sjeldan diskutert.

Forsking og utvikling

Sidan 80-talet har fylkeskommunen arbeidd med kultur, livskvalitet og levekår gjennom sitt arbeid med musikkterapi, kultur og helse. Fylkeskommunen ynskjer å utvikle fleire gode møteplassar i fylket og arbeider med ulike utviklingsprosjekt. Førde internasjonale kor er eitt av desse.

Lite forsking på innvandring og korsong ligg føre, difor vil vi kople utviklings- og forskingsmiljø til Førde internasjonale kor.

Førde internasjonale kor og "Det store oppdraget" 

Les artikkelen om då Førde internasjonale kor vart invitert til å knekke inkluderingskoden i Oslo.

Artikkelen er skrive av Henning Hellebust. Bla ned til s. 24 for å finne rett artikkel i heftet. 

flyer_internasjonalt kor.JPG

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Relaterte lenker