Foto av fem personar, tre menn og to kvinner, som står framfor eit lysbilete av ein hurtigbåt med skrifta H2 på sida av båten. Det er frå den internasjonale hydrogenkonferansen i Florø i september 2017.

F.v. Maria Brandsøy i Maritim Forening Sogn og Fjordane, Elisabet Kjerstad Bøe i fylkeskommunen, forskar Joseph Pratt, forskar Lennie Klebanoff frå Sandia National Laboratories og Trond Strømgren i GCE Subsea. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Internasjonalt hydrogenseminar i Florø

Maritim fornybar energi, hydrogen og subseateknologi stod på agendaen då næringsliv og ulike aktørar frå heile verda var samla i Florø 13. og 14. september.

Hydrogensatsinga dei siste åra er i ferd med å setje Sogn og Fjordane på verdskartet for alvor. Denne veka har 130 personar frå elleve ulike nasjonar vore samla i Florø på konferansen From renewable energy to clean technology. Konferansen blei i år arrangert for andre år på rad, og det er Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea og Sogn og Fjordane fylkeskommune som inviterer.

Dette er ein arena for faglege innspel, informasjon om ulike prosjekt, nettverksbygging og dialog om hydrogen.

– Konferansen har blitt ein viktig møteplass for å bygge nettverk og utvikle nye prosjekt med norske og internasjonale partnarar, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Presenterte internasjonal forsking

Interessante føredrag frå både lokale og nasjonale aktørar frå både det offentlege og næringslivet, i tillegg til forskarar frå New Zealand, Skottland og California i USA sørga for ein allsidig agenda.

– Den globale interessa stadfestar at det regionale næringslivet og fylkeskommunen er langt framme i hydrogensatsinga si. Det er veldig kjekt å oppleve, seier Maria Brandsøy, Trond Strømgren og Elisabet Kjerstad Bøe i arrangementstrioen. 

Joseph Pratt og Lennie Klebanoff frå San Fransisco har designa ein 35 meter lang hydrogendriven hurtigbåt, SF BREEZE. Prosjektet deira er på mange vis svært likt hurtigbåtprosjektet i Flora og Sogn og Fjordane.

Blant dei andre innleiarane var irske Rebecca Cavanagh og Karoline Ullaland frå Florø, som begge har teke mastergrad i marin fornybar energi ved Heriot Watt University si avdeling på Orknøyane.

Sogn og Fjordane utmerker seg

Sogn og Fjordane kopla opp mot hydrogen som energiberar får merksemd langt ut over landegrensene.

– Vi har ein solid industritradisjon og ein sterk maritim sektor som kan utvikle og ta i bruk ny teknologi, seier Trond Strømgren i Maritim Foreining Sogn og Fjordane.

Heile den hydrogenbaserte verdikjeda, frå fornybar kraftproduksjon til bruk av hydrogen innanfor ulike område, kan utviklast lokalt i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. 

– Vi har også fleire moglege sluttbrukarar, som til dømes offentleg transport, oppdrettsnæringa, fiskeriflåten og landbruket, seier Elisabeth Kjerstad Bøe, som leiar det fylkeskommunale hydrogenprosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Ho understrekar at vi i Sogn og Fjordane har jobba systematisk over lengre tid med å etablere fylket som ein leiande region innanfor utvikling og kommersialisering av hydrogen som energiberar.

Heile programmet for konferansen ser du her.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no
915 91 548

Maria Brandsøy
Maritim Foreining Sogn og Fjordane
905 23 543

Trond Strømgren
GCE Subsea
402 98 729

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00