Internasjonalt arbeid

Fylkeskommunen er med i dei internasjonale organisasjonane NORA og Nordsjøkommisjonen når det gjeld marin næringsutvikling.

NORA (Nordisk Atlanterhavssamarbeide)

NORA er en mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråds regionalpolitiske samarbeidsprogram og dekker Færøyene, Grønland, Island og Kystnorge (dei ni kystfylka i Norge, frå Finnmark i nord til Rogaland i syd).

Sogn og Fjordane fylkeskommune ved marin fagkoordinator Lena Søderholm er Vestlandsrådet sin representant inn i styringskomiteen i NORA. Dag Lothe er Vestlandets sin kontaktperson.

NORA har to tildelingsrundar per år for prosjekt med deltakarar frå minimum to av medlemsregionane i NORA. NORA etterlyser fleire søknadar med norske bedrifter. Tema for søknadane kan vere

  • kreative industriar
  • grøn energi
  • bioøkonomi
  • bæredyktig turisme
  • IKT
  • velferdstenester
  • maritim sikkerheit og beredskap.

Meir om dette finn du på NORA si heimeside under fana Prosjektstøtte, eller ta kontakt med Dag Lothe.

Nordsjøkommisjonen

Nordsjøkommisjonen er ein organisasjon der alle fylka/regionene som omsluttar Nordsjøbassenget kan vere medlemar. Det er ein politisk organisasjon som kan bidra til å løfte felles problemstillingar som regionen har, og det er også sett ned nokre arbeidsgrupper.

Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek med marin fagperson frå administrasjonen i Marin ressursgruppe (Marine recources group), og frå og med juni 2017 vart fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes vald som vice-chair i same gruppe. Gruppa har fleire møte i året og har mellom anna teke opp tema som utkast i fiskeria, radioaktivt utslepp i Nordsjøen og kystsoneplanlegging.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lena M. Søderholm
Fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Dag Lothe
Regionkontakt, NORA

dl@forskningsradet.no
913 80 567

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00