Mikkelsen på Eid vgs

Mikkelsen på Eid vgs

FN-rollespel og Sigurd Falkenberg Mikkelsen

Internasjonal dag

Torsdag 2.mars var det internasjonal dag på Eid vgs. Vg3-elevane skal ha FN-rollespel der dei spelte nasjonar i Tryggingsrådet og diskuterar Syria-konflikta. Sigurd Falkenberg Mikkelsen frå NRK kom og hadde eit foredrag for ein del av elevane om Syria-konflikta.

Mikkelsen har jobba fleire år som Midt-Austen korrespondent og dekt krisene der, mellom anna Syria-krisa. Han fortalte elevane om den vanskelege situasjonen og at han trur det blir vanskelegar eframover. Han fortalte og om farane ved å vere utenrikskorrespondent.

Vg3-elevane har jobba ei god stund med å førebu innlegga sine som dei ulike landa i FN sitt Tryggingsråd. Dei stiller på skulen i dress og drakt og er klare for ein hard dag ved forhandlingsbordet. Dei andre elevan på skulen fekk høyre gode og grunngjevne argument i den vanskelege Syriakonflikta.

Skulen har mange internasjonale elevar og nokre av dei fortalte om sitt heimland, oppvekst og flukt. Det kom også representantar frå FN-sambandet som fortalte om korleis dei jobber.

I tillegg fekk elevane også få prøve seg på å skrive ulike alfabet, lære nye språk, smake mat frå ulike land og få høyre om voluntørordninga.

Tips ein ven Skriv ut