Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er no ute på ei brei, offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. No har du sjansen til å sende inn dine synspunkt om ei slik samanslåing.

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar har saman arbeida fram intensjonsplanen for samanslåing. Målet med høyringa er å få inn grunngjevne synspunkt, tydelege argument og konstruktive innspel til arbeidet med regionreforma. Intensjonsplanen bør belysast frå fleire sider og på ein grundig måte. Alle – privatpersonar, kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet – kan kome med innspel. Høyringsfristen er 23. november.

Fylkeskommunen ber særleg om tilbakemelding på følgjande tema:

  • Synspunkt på om Sogn og Fjordane bør vere med og søkje Stortinget om samanslåing av dei tre vestlandsfylka, slik den framforhandla intensjonsplanen legg opp til (jf. vedlegg 1).
  • Synspunkt på ytterlegare krav og ønske som vi kan ta med oss i arbeidet med å utvikle ein eventuell vestlandsregion. Dette kan også vere supplement til «kravlista» som ligg i punkt 10 i nemnde intensjonsplan.

Fråsegnene er offentlege etter offentleglova og vert publiserte her på nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 23. november, altså må svara vere fylkeskommunen i hende innan torsdag 24. november.

Send inn høyringssvar merka «Regionreforma på Vestlandet» til post@sfj.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713