www.eid.vgs.no

Kurs for faglege leiarar og instruktørar

Som ledd i kvalitetsutviklinga innan fag- og yrkesopplæringa, gjennomfører Sogn og Fjordane fylkeskommune obligatoriske kurs for faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene.

Det vert i hovudsak sett opp eit kurs på våren og eit tilsvarande på hausten. Kursdagar i 2018:

  • 19. april kl. 09.00-15.00
  • 18. oktober kl. 09.00-15.00

Årets kurs vert på Thon Hotel Jølster på Skei. Kurset har plass til 20 deltakarar. Fylkeskommunen dekkjer kostnadar med kurset, medan bedriftene sjølve betalar reise til og frå kursstaden.

Kontaktperson er Anita Hop: Anita.hop@sfj.no

Påmelding

Det er elektronisk påmelding til kurset. Påmeldingsfrist er sett til 15. april 2018

Påmeldingsskjema: https://sfj.pameldingssystem.no/kurs-for-faglege-leiarar-og-instruktorar

Program

  • Lærebedrift – kva betyr det å vere lærebedrift, rolla som lærebedrift
  • Læreplan – korleis bruke læreplanen, læreplanverket,
  • Instruksjon og rettleiing – oppgåvene til fagleg leiar og instruktør, den vanskelege samtalen, halvtårsvurdering
  • Vurdering og dokumentasjon
  • Fag-/kompetanse og sveineprøve – vurderingskriterium

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker