ufnv 2ljfxb

Foto: Barn på biblioteket: Lene Neverdal. Vindhellavegen: Åsne Helleve. Konsert Lena Skjerdal: Birthe Johanne Finstad. Skulpturar: Birthe Johanne Finstad. DKS-konsert: David Zadig. Kvernsteinsparken: Lars Opstad

Innspelsmøte til ny kulturmelding

Ønskjer du å kome med innspel til den nye kulturmeldinga, som Kulturdepartementet har starta arbeidet med? 17. januar 2018 arrangerer fylkeskommunen og departementet eit regionalt innspelsmøte i Førde.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny kulturmelding. Meldinga skal danne grunnlaget for ein overordna politisk debatt om kulturpolitiske utfordringar i åra som kjem. Meir informasjon om arbeidet finn du på regjeringa sine nettsider 

Tema

Arbeidet med meldinga skal famne heile breidda i kulturdepartementets ansvarsområde og skal sjå på kulturpolitiske konsekvensar av til dømes teknologisk utvikling, globalisering, demografiske endringar, samfunnsøkonomiske realiteter og nye forvaltingsstrukturar.

Målgruppe 

Målgruppe for innspelsmøte er kulturinstitusjonar, kulturorganisasjonar og kommunar i Sogn og Fjordane.

Vi treng ditt innspel til å forme kulturpolitikken for framtida. Det er mogleg å teikne seg på liste for å halde innlegg (kryss av i påmeldingsskjema om du ønsker å halde innlegg). Det er sett av tre minutt til kvart innlegg. Kulturdepartementet har utarbeidd nokre spørsmål som dei ønsker at du skal bruke som grunnlag for eit eventuelt innlegg.

Program og påmelding 

Program og påmelding

Dersom du ønskjer å formidle innspel, kan du melde deg til 3-minuttars innlegg i påmeldingsskjemaet. 

Påmeldingsfrist er 9. januar. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00