www.eid.vgs.no

Foto som syner nærbilete av eit edderkoppnett. Nettet er kvitt, bakgrunnen er grøn.

Innovasjonsnettverk

Evna til å dele kunnskap og ferdigheiter er nøkkelen til å få til innovasjon i eit konkurranseutsett næringsliv, og innovative nettverk er eit nøkkelord. Men korleis får vi til, og korleis jobbar vi med slike nettverk?

Dei urbane samfunna har utvikla arbeidsmåtar der forskarar, bedrifter, det offentlege og også ofte brukargrupper samarbeider for å skape nye og betre løysingar. I distriktssamfunn vert slike «klynger» gjerne ufullstendige og av og til dominerte av det offentlege.

Denne problemstillinga la fylkeskommunen og våre samarbeidspartar fram for innovasjonsforskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking i Sogndal. Dei har utvikla ei verktøykasse for dette arbeidet – «sju råd for god nettverksleiing og fire øvingar for å etablere og fornye nettverk» forfatta av forskarane Jon Gunnar Nesse, Ingjerd Skogseid og Øyvind Heimset Larsen som del av det såkalla VRI-arbeidet Sogn og Fjordane.

Verktøykasse for nettverksarbeid

Verktøykassa er ei sjekkliste som gir deltakarane i nettverk eit hjelpemiddel til å vurdere eige arbeid. Først presenterer forfattarane verktøy for å etablere og fornye eit innovasjonsnettverk. Dernest har dei med eit kapittel om å utvikle eit nettverkssamarbeid med kommersielt siktemål.

Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk.

Verktøy for å etablere og fornye eit innovasjonsnettverk

  • Kvar kan, bør og vil vi satse? Dette spørsmålet er sjølvsagt grunnleggande.
  • Analyser risiko. Di høgare risikovilje, di meir sårbart vert samarbeidet og samarbeidspartane vert avhengige av kvarandre.
  • Bygg felles kapasitet til å takle motgang og til å ta moglegheiter. Har nettverket dei kunnskapane, relasjonane og evnene til å mobilisere som trengst? Slik kapasitet kan byggast, styrkast og utviklast over tid. Nærings-, forskings og forvaltningsmiljø som «låser seg inne», vil stagnere.
  • Analyser livssyklusen. Er nettverket i ein etablerarfase, er det inne i ei rivande utvikling eller det det trong for nytenking og omstilling?

Verktøy for å drifte og utvikle eit innovasjonsnettverk

  • Klarlegg medlemsfordeler. Nytten med å delta må vere tydeleg og klart større enn kostnadene. Særleg små bedrifter må vere gjerrige på tidsbruken
  • Utvikle kunnskap og god kunnskapsflyt. Korleis utvikle evna til å ta til seg ny kunnskap og korleis «tette» kunnskapshol?
  • Ta arbeidet med nyskaping steg for steg. Nyskapingsarbeid er heile prosessen frå ein ny idé til det nye er teke i bruk. Arbeidet kan ta utgangspunkt i naudsynt forbetring av eiga verksemd eller i endringsbehov i samfunnet, t.d. meir miljøvennlege løysingar eller nye hjelpemiddel for ei stadig eldre befolkning. Det offentlege har ulike verkemiddel for ulike fasar i nyskapingsprosessen.  
  • Korleis bygge nettverket? Kor sårbare er gruppa samla sett? Er det nokon som dominerer eller kontrollerer? Går kunnskapsflyten fritt eller er det flaskehalsar?  Poenget er at summen av kunnskap og røynsler skal overgå det kvar einskild kan.
  • Korleis mobilisere til handling? Nettverk ebbar ut om det blir ein prateklubb. Finst det ei finansieringsordning som gir føresetnader for å hyre inn ein prosjektleiar? Er det lobbyinnsats som må til for å fjerne ei hindring?
  • Bygg legitimitet. Nettverket arbeider lettare dersom det har eit godt omdømme. Til dømes om folk har sett positive effektar av arbeidet så langt. Eller dersom folk opplever at nettverket arbeider med løysingar som kan bety nye, spennande arbeidsplassar.
  • Nytteverdi utanom nettverket. «Gratispassasjerar» treng ikkje vere eit problem. Ringverknader styrker omdømmet.

Ta i bruk verktøykassa

Nyttig nettverksarbeid handlar om å utvikle evner. Verktøykassa er eit hjelpemiddel. Verktøykassa er utvikla både ved å studere praksis i Sogn og Fjordane og ved å studere litteratur innan fagfeltet. Fylkeskommunen ønskjer både å ta i bruk råda og å halde fram læringa om det fagfolk kallar innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane.

Frå 1. januar 2017 leiar vi eit Interreg Europe prosjekt kalla “Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools” (P-IRIS). Her skal vi lære og få impulsar frå distriktssamfunn i Finland, Italia, Kroatia, Slovenia og Spania og frå ekspertise på europeisk nivå. Vi vil presentere verktøykassa for dei andre deltakarane i prosjektet, slik at vi kan få synspunkt på det vi har fått utvikla. I Sogn og Fjordane er målgruppa i prosjektet verkemiddelapparatet på fylkesnivå, næringshagane, inkubatorane, maritim foreining og Teck Yard.

Verktøykassa er tilgjengeleg for alle. Ingvild Andersen (prosjektleiar for P-IRIS – e-post: ingvild.andersen@sfj.no) og Lars Hustveit (ansvarleg for P-IRIS – e-post: lars.hustveit@sfj.no) tek gjerne imot synspunkt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lars Hustveit
Fagkoordinator
lars.hustveit@sfj.no
415 30 972

Ingvild Andersen
Prosjektleiar P-IRIS
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39