Infrastrukturmidlar til reiseliv

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar til infrastrukturtiltak i reiselivet i Sogn og Fjordane.

Grunna reduksjon i tilskot frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til denne ordninga ser vi oss nødt til å gjere ei prioritering ved tildeling av midlar. I år vil fylkeskommunen difor prioritere å støtte prosjekt som har fått støtte tidligare. Utover dette gjeld dei same vilkåra som ved tidligare utlysingar.

Tiltaka som vert støtta skal medverke til å nå måla for reiselivssatsinga i Verdiskapingsplanen.

Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstader og kulturattraksjonar.

Kven kan søkje?

Alle kan søkje, og alle søknader skal vere koordinerte og forankra i det regionale destinasjonsselskapet. Alle søkjarar skal ta kontakt med destinasjonsselskapet for nærare informasjon og vidare koordinering. Attraksjonar og eventuelle reiselivsbedrifter vert oppmoda til å søkje i fellesskap der dette er naturleg.

Kva prosjekt kan få støtte?

Forprosjekt som skal greie ut nye tiltak, og hovudprosjekt som skal prøve ut nye tiltak kan få støtte.

Hovudprosjekta kan vere å utvikle nye tiltak, eller prøve ut nye tiltak, i inntil tre år. Midlane skal nyttast til tiltak med oppstart frå 2017.

Døme på infrastrukturtiltak kan vere (lista er ikkje uttømmande):

  • Ruteutviklingsprosjekt, men ikkje drift av ruter
  • Utvikling av elektronisk infrastruktur
  • Produktforbetring – tiltak som betrar den reisande si oppleving

Kva prosjekt og tiltak vert prioriterte?

  • Tiltak som bidreg til auka verdiskaping til reiselivsbedriftene i området
  • Tiltak som skapar auka trafikk i skulder- og vintersesong
  • Tiltak som støttar opp under fleire attraksjonar/reiselivsbedrifter
  • Tiltak som medverkar til auka overrislingseffekt
  • Tiltak som stør opp om vandring som aktivitet
  • Prosjekt med forankring i destinasjonsselskapet i regionen
  • Vi legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar
  • Tiltak som har fått støtte tidlegare vert prioritert for tildeling i 2017.

Kriterium for å få støtte

  • Hovudprosjekt kan bli støtta med inntil 50 prosent av kostnad.
  • Eigeninnsats kan inngå som ein del av finansieringsplanen, og kan prissetjast til inntil kr 600 timen. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
  • Tilskotet skal ikkje gå til bedriftsretta tiltak og tiltak som kan reknast som bedriftsutvikling. Tiltak som vert støtta skal vere opne og tilgjengelege for alle.
  • Tilskot som omhandlar transportutviklingstiltak, kan berre nyttast til å dekke eventuelt kostnader som ikkje vert dekka av billettinntekter.
  • Tiltaka skal ikkje ha samfinansiering med kommunale næringsfond eller tilskot til bedriftsutvikling frå Innovasjon Norge.
  • Tilskotet skal ikkje gå til drift og innkjøp.
  • Midlane skal ha utløysande effekt for realisering.
  • Destinasjonsselskapa vurderer søknadane før innstilling, søkjar skal difor ta kontakt med destinasjonselskapet i sitt område for å få søknaden vurdert før den vert sendt inn.

Søknad

Søknaden skal opprettast elektronisk gjennom nettstaden Regionalforvaltning.no. På denne sida finn du òg utlysingstekst og kontaktinformasjon.
Søknadsskjemaet inneheld obligatoriske felt i søknadsskjemaet som alle skal fyllast ut.

Det er viktig at dei ulike prosjekta har målbare mål i så stor grad som mogleg, at prosjekta er forankra i måla i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane og hjå destinasjonsselskapet.

Viktige datoar

Søknadsfrist er 19. mai 2017

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ingeborg Lysne Mcevoy
Ingeborg.Lysne@sfj.no
90634837

Visit Sognefjord

Ståle Brandshaug
stale@sognefjord.no
90 96 11 79

Visit Fjordkysten

Wenny Iren Hansen
wenny@fjordkysten.no
91 14 98 68

Visit Nordfjord

Marita Lindvik
mairta@nordfjord.no
48 14 86 99

Sunnfjord Utvikling

Julie Sotnakk Aaland
Julie.Aaland@sunnfjord.no
57 72 19 51

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven