Mann med beskyttelsesutstyr som sveisar. Foto: Michael Russell/U.S Navy

Foto: Michael Russell/U.S Navy - cc-by

Industri

Sogn og Fjordane er eit stort eksportfylke tufta på naturgjevne ressursar og ein landfast industri.

Industrinæringa er viktig for verdiskapinga i fylket, ikkje berre i industribedriftene, men også for verdiskapinga i dei bedriftene som leverer varer og tenester til industrien. Men den tradisjonelle industrien er i dag avhengig av å rasjonalisere og erstatte arbeidskraft med teknologi for å vere konkurransedyktig.

I fylket vårt har vi eit stort innslag av næringar som rasjonaliserer. For mange av desse verksemdene er reduksjon i arbeidsstokken eit teikn på suksess. Sjølv om tal sysselsette i industrien har gått ned, har verdiskapinga gått opp.

Det er sterke koplingar mellom industrien og andre næringar, og i mange tilfelle er andre næringar ein del av industrien, som for eksempel fornybar energi, sjømatnæringa og olje og gass. Industrien set i tillegg ut støtteaktivitetar til tenestytande bedrifter i fylket, som  IT, økonomi/rekneskap og vedlikehald.

Nyskaping og kunnskap

Industristrategien vart vedteken i Fylkestinget 13.oktober 2015. Den fokuser på nyskaping, knoppskyting og ein industriproduksjon basert på høgt kunnskapsnivå og leverandørutvikling som skal gje attraktive arbeidsplassar. Industristrategien skal vere partnarskapen sin strategi for tilrettelegging for verdiskaping i industriverksemder og hjå leverandørane til industriverksemdene i Sogn og Fjordane.

Les industristrategien på www.verdiskapingsplanen.no, eller her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Endre Høgalmen
Ass. fylkesdirektør
endre.hogalmen@sfj.no
952 07 789

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00