Foto av ein gut i tannlegestolen med ein tannlege som undersøker tennene hans.

God tannhelse i Sogn og Fjordane

06. juli 2017

Medan 23,6 prosent av 18-åringane på landsbasis ikkje har hatt hol i tennene, er talet for 18-åringane i Sogn og Fjordane 27 prosent. Det er fem prosent fleire enn i 2005.

Les meir ›
Foto av eit betongskilt forma som ei smilande tann. Bakgrunnen er blå himmel.

Sommaropne tannklinikkar 2017

29. juni 2017

Her finn du ei oversikt over kven av dei offentlege tannklinikkane i fylket som held ope heile sommaren.

Les meir ›
Gut vert behandla i tannlegestol

Viktig å behalde tannhelsetenesta

06. juni 2017

Fylkesordførar Jenny Følling er glad for at Stortinget tek omsyn til innspela som er kome frå fylkeskommunane når det gjeld å behalde tannhelsetenesta her.

Les meir ›
Tett profilbilde av Clara Øberg

Øberg ny tannhelsedirektør

21. november 2016

Clara Øberg er tilsett som direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho kjem frå stillinga som konstituert direktør.

Les meir ›
Tannlegeinstrument på eit bord med grøn duk. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring for skyssutgifter

14. november 2016

Fylkeskommunen legg framlegg til endra forskrift for dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta ut på offentleg høyring i perioden 15. november til 30. november.

Les meir ›
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Offentleg søkjarliste – fylkesdirektør for tannhelse

04. november 2016

Tre personar har søkt på stillinga som fylkesdirektør for tannhelse.

Les meir ›
Born i tannlegestolen. Foto Birthe Johanne F Finstad

Sommaropne tannklinikkar 2016

13. juli 2016

Nokre av dei offentlege tannklinikkane i fylket har stengt delar av sommaren 2016, her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.

Les meir ›
Gut vert behandla i tannlegestol

Omstilling i tannhelsa

15. juni 2016

Fylkestinget vedtok 15. juni ein ny klinikk- og tenestestruktur for den offentlege tannhelsetenesta. Målet er ein framtidsretta klinikkstruktur som tilbyr innbyggjarane stabile tenester av høg fagleg kvalitet.

Les meir ›
Gut vert behandla i tannlegestol

Tannhelsehøyring gjennomført

13. april 2016

Høyringsrunden for utgreiinga om ei framtidsretta tannhelseteneste er no over. Alle innspel blir vurdert og saka går vidare til politisk handsaming.

Les meir ›
Tom tannlegestol på tannlegekontor

Tilsvar til leiar i Sogn avis

02. mars 2016

I høve ein leiar som stod på trykk i Sogn avis 27. februar 2016, om ny klinikk- og tenestestruktur i tannhelsetenesta, har fylkesrådmannen svart med ein kommentar.

Les meir ›
Gut vert behandla i tannlegestol

Tannhelserapport ut på høyring

05. februar 2016

Høyringsbrevet for utgreiinga om ei framtidsretta tannhelseteneste er no sendt til kommunar og fagforeiningar, med frist for høyringssvar 18. mars.

Les meir ›
Gut vert behandla i tannlegestol

Tannhelserapport til høyring

27. januar 2016

Utgreiingsrapporten «Tannhelsetenesta – ein framtidsretta klinikk- og tenestestruktur» skal på høyring i februar og mars. Det vedtok finansutvalet den 27. januar.

Les meir ›
Tom tannlegestol på tannlegekontor

Saman for utsette barn

15. desember 2015

Denne månaden møttest 600 konferansedeltakarar for å diskuterte tannhelsetenesta si rolle i møte med utsette barn.  Vestlandsfylka er langt framme på tverrfagleg samarbeid.

Les meir ›
 652zl 4sh 6j

Konferanse om omsorgssvikt

22. mai 2015

Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune er medarrangør for den store konferansen «Utsatte barn i tannhelsetjenestens lampelys» i Bergen og Stavanger i desember.

Les meir ›
Foto av ein femåring i tannlegestolen med noko tannlegeutstyr framfor seg. Han gliser og speglar seg i den vesle runde spegelen tannlegen brukar til å sjå inni munnen.

Sommaropne tannklinikkar 2015

25. juni 2015

Her finn du ei oversikt over kven av dei offentlege tannklinikkane i fylket som held ope heile sommaren.

Les meir ›

Tannhelsetenesta på SMS

05. februar 2015

Neste gang du blir kalla inn til den offentlege tannhelsetenesta, får du sannsynlegvis ein SMS, og ikkje eit kort i posten.

Les mer

Tilbyr tannbehandling med laser

20. januar 2015

Den offentlege tannhelsetenesta kan no tilby tannbehandling med laser ved Førde tannklinikk. Sogn og Fjordane fylkeskommune er blant dei første som tilbyr denne typen behandling til barn og unge i landet.

Les mer

Tannhelse

12. august 2014 Les mer

Sommaropne tannklinikkar 2014

25. juni 2014

Nokre av dei offentlege tannklinikkane i fylket er stengde delar av sommaren 2014, men her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.

Les mer

Topp moderne tannklinikk i fylket opna i Årdal

05. februar 2014

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna fylket sin mest moderne tannklinikk i Øvre Årdal 4. februar. Dei fem tilsette ved klinikken har no det nyaste av utstyr.

Les mer

Lærdal tannklinikk er stengt grunna brann i kommunen

20. januar 2014

Pasientar i Lærdal med akutte problem kan kontakte Aurland tannklinikk eller legevakt i Lærdal kommune, og vil få behandling i Aurland. Klinikken i Lærdal vil vere stengt inntil vidare grunna storbrannen.

Les mer

Fylkesarkivet har samla inn nær 90 000 tannhelsejournalar

20. desember 2013

Alle dei offentlege tannklinikkane i fylket har no levert gamle tannhelsejournalar til Fylkesarkivet. Klinikken på Sandane var sist ute, då dei leverte 22 boksar med om lag 3300 journalar denne veka.

Les mer

Takstane i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

15. november 2013

Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane har gått gjennom takstane for betalande pasientar. Prisane er samanlikna med takstane i andre fylkeskommunar og hjå private tannlegar, og prisane for tannlegetimar er justerte.

Les mer

Pris til tannhelseprosjekt om overgrep mot barn

13. juni 2013

Fylkestannlegane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sette i 2009 i gang eit unikt samarbeid for å avdekke omsorgssvikt og overgrep mot barn og unge. Torsdag 13. juni vart arbeidet heidra med ein pris til heile kompetansenettverket.

Les mer

Sommaropne tannklinikkar 2013

06. juni 2013

Mange av dei offentlege tannklinikkane i fylket er stengde delar av sommaren 2013, men her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.

Les mer

Fylkesordføraren opna den nye tannklinikken på Sandane

18. januar 2013

Tannklinikken på Sandane flytta i fjor haust inn i nye lokale på Grandane og er no den mest moderne tannklinikken i heile fylket. Torsdag 17. januar var det tid for offisiell opning ved fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Les mer

Opning av ny tannklinikk på Sandane

16. januar 2013

Den nye tannklinikken på Sandane vert offisielt opna torsdag 17. januar kl. 10.00. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes står for den offisielle opninga.

Les mer

Årets siste avlevering av tannhelsejournalar

14. januar 2013

19. desember vart årets siste ladning med tannhelsejournalar avlevert til Fylkesarkivet. Journalane kom frå tannklinikkane i Gaupne og Hafslo. Med avleveringa frå desse klinikkane har i alt 28 klinikkar levert sine gamle journalar til Fylkesarkivet.

Les mer

Tannhelsetenesta med eigen rekrutteringsfilm

14. januar 2013

Den offentlege tannhelsetenesta går nye vegar for å marknadsføre seg. No har dei laga ein kort film – for å vise fram både tannhelsetenesta og fylket.

Les mer

Tannhelsetenesta markerte verdas tobakksfrie dag

28. juni 2012

31. mai vart verdas tobakksfrie dag markert over heile verda. I Noreg har målet med dagen dei siste åra vore å setje lokal tobakksførebygging på dagsorden. Tannklinikkane markerte dagen i samarbeid med helsestasjonar, vidaregåande skular og ungdomsskular.

Les mer

Tobakk som tema ved helsekonsultasjonar

27. juni 2012

Regjeringa har i vår lagt fram ein ny nasjonal strategi for å førebyggje bruk av tobakk. I samband med dette oppmodar fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane helsepersonell til å ta opp temaet tobakk ved helsekonsultasjonar.

Les mer

Sommaropne tannklinikkar

25. juni 2012

Mange av dei offentlege tannklinikkane i fylket er stengde delar av sommaren, men her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.

Les mer

Frå tannklinikken i Årdal til sjukehusskip i Togo

28. mars 2012

Ein kø som strekte seg rundt gatehjørnet var det som møtte tannlegane Payam Ruhi og Shabnam Joudaki klokka 08 første dagen i Togo. Dei to held til vanleg til på tannklinikken i Øvre Årdal, men har nettopp vore to veker på sjukehusskipet African Mercy.

Les mer

Tannhelsetenesta markerer den internasjonale vassdagen

22. mars 2012

I dag – 22. mars – er FN sin internasjonale vassdag. Tannhelsetenesta samarbeider med kommunane, grunnskular og vidaregåande skular om å markere dagen. Elevane ved Flora ungdomsskule er blant dei som har fått besøk.

Les mer

Betre tannhelse for barna i Sogn og Fjordane

22. desember 2011

Tal frå Fylkesspegelen syner at tannhelsa blant 5-, og 12-åringar har betra seg vesentleg i perioden frå 2003 til 2010. Begge aldersgruppene ligg over landsgjennomsnittet, og det er 5-åringane som har færrast hol i tennene.

Les mer

Det litauiske barneombodet til Noreg for å lære av vestlandsfylka

07. desember 2011

Torsdag 1. desember var barneombod Edita Ziobiene frå Litauen i Bergen for å lære om samarbeidet mellom barnevernet og den offentlege tannhelsetenesta. Samarbeidsavtalen er utvikla av tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Les mer

Barneombodet vil vidareføre vestlandsinitiativ til resten av landet

06. desember 2011

Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har i vår innført rutinar for å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn. No ønskjer barneombod Reidar Hjermann at desse rutinane vert vidareførte til resten av landet.

Les mer

Clara Øberg blir assisterande direktør for tannhelsetenesta

21. september 2011

Clara Øberg er tilsett som assisterande direktør for den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane og tek til i stillinga 12. desember. Ho kjem frå jobben som tenesteleiar for helse- og sosialsektoren i Sogndal kommune.

Les mer

Tobakksfripris til den offentlege tannhelsetenesta

08. september 2011

Fylkesmannen har tildelt tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane tobakksfriprisen for 2011 for godt førebyggjande arbeid gjennom mange år. – Denne prisen går først og fremst til alle tannpleiarane som gjer ein svært god jobb rundt om i fylket, seier direktør for tannhelsetenesta Bent Rønnekleiv.

Les mer

Inviterer tannlegar og tannpleiarar til klinisk forsking

19. april 2011

Offentleg tilsette tannlegar, tannpleiarar og private tannlegar vert no inviterte til å vere med i forskingsprosjekt i klinikken. Dette er eit ledd av etableringa av Tannhelsetenestens Kompetansesenter Vest, og påmeldingsfristen er 31. januar 2011.

Les mer

Ti nye tannlegar til fylkeskommunen

13. desember 2010

Det er ein glad direktør Bent Rønnekleiv i Tannhelsetenesta som kan fortelje at dei har fått på plass ti nye tannlegar i Sogn og Fjordane. Gleda vert ikkje mindre av at det også er på plass kjeveortopedteneste i Lærdal.

Les mer

Samarbeider for å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn

13. desember 2010

Fylkeskommunen tek no initiativ til eit samarbeid mellom den offentlege tannhelsetenesta og den kommunale barnevernstenesta. – Tannhelsetenesta har ein unik sjanse til å vere med å oppdage og melde frå om omsorgssvikt, seier direktør for tannhelsetenesta, Bent Rønnekleiv.

Les mer

Strategisk handlingsplan for Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane 2010-2013

08. april 2010

Fylkestinget har følgd fylkesutvalet si tilråding til vedtak i sak 6/10 om strategisk handlingsplan for Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane 2010-2013.

Les mer

Vurderer ny klinikkstruktur i tannhelsa

16. mars 2010

I den strategiske handlingsplanen for den offentlege tannhelsetenesta går fylkesrådmannen inn for at ein skal arbeide vidare med å vurdere ny klinikkstruktur i fylket, samtidig som ein aukar satsinga på rekruttering av tannlegar. Handlingsplanen skal vedtakast i fylkestinget 7.april 2010.

Les mer

Ny direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune

22. oktober 2009

Bent Rønnekleiv er tilsett som ny direktør i tannhelsetenesta.

Les mer

Frå "Pupp til kopp" i 14 kommunar!

01. juli 2009

"Frå pupp til kopp" skal fremme bruk av vatn som tørstedrikk for dei aller minste, og er eit av fleire tiltak fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding" gjennomfører for å redusere sukkerinntaket hjå barn og unge.

Les mer

Sterk heider til Reidar Tveit då tannhelsetenesta feira 50-årsjubileum

08. mai 2009

Dei 140 deltakarane på den fylkeskommunale jubileumsfeiringa til tannhelsetenesta på Kvikne's hotell i Balestrand, reiste seg og gav ståande trampeklapp til Reidar Tveit. Han var den første fylkestannlegen i fylket vårt og styrde den offentlege folketannhelsa i 30 år.

Les mer

Tannhelsetenesta rundar 50 år med jubileumsbok

05. mai 2009

Med boka "Frå tanntrekking til folketannrøkt" markerer tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane 50-årsjubileet sitt. Markeringa finn stad påKvikne's hotell i Balestrand onsdag 6. mai, og då vil boka bli avduka.

Les mer

Fylkesmannen framhevar tannhelsa som aktiv partnar i folkehelsearbeidet

27. februar 2009

I samband med helse- og sosialmeldinga for 2008 har fylkesmannen invitert tannhelsetenesta i fylkeskommunen som ekstern bidragsytar grunna sitt store engasjement på folkehelseområdet i fylket

Les mer

Fylkesdirektør

Clara Øberg, konstituert fylkesdirektør for tannhelse, passbilete

Clara Øberg

Direktør for tannhelsetenesta

clara.oberg@sfj.no
415 30 713

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no