Førde, Foto: Njål Nedrebø.

Svak folketalsutvikling i tredje kvartal 2017

21. november 2017

Folketalet i Sogn og Fjordane auka med 29 personar i løpet av tredje kvartal 2017. Samanlikna med folketalsutviklinga i tilsvarande kvartal dei siste sju åra er dette talet lågt. Spesielt er kontrasten sterk til fjoråret då folketalet vaks med 437 personar i tredje kvartal. 

Les meir ›
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Regional planstrategi – endringar

20. oktober 2017

Fylkestinget vedtok 17. oktober 2017 fleire endringar i framdriftsplanen i Regional planstrategi.

Les meir ›
Fotocollage som syner seks foto med tema kultur. Vi ser barn på biblioteket, artistar på både scene og i gymsal, to skulpturar og ungdomar som lagar ting i tre.

Høyring – Planprogram for Regional plan for kultur

03. oktober 2017

Planprogram for regional plan for kultur er lagt ut på høyring. Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.

Les meir ›
Foto som syner eit trafikkskilt som symboliserer skuleveg. Det er eit blått skilt med kvit ramme og ein stor og ein liten person også i kvitt.

Høyring – Handlingsplan for trafikktrygging

02. oktober 2017

Utkastet til handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021 er no ute på høyring. Fristen for å kome med innspel er 3. november 2017.

Les meir ›
Foto frå eit møte i fylkesutvalet. Vi ser politikarane samla rundt bordet. Fylkesordførar Jenny Følling er møteleiar.

Ingen innvendingar til grensejustering

27. september 2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune er positiv til ei justering av kommunegrensene for grendene Bryggja, Totland og Maurstad i dagens Vågsøy kommune.

Les meir ›
Foto av ungar på skulevegen. Vi ser dei bakfrå, og dei har oransje sekkar med refleks på ryggane sine.

Handlingsplan for trafikktrygging ut på høyring

20. september 2017

Fylkesdirektøren for samferdsle rår fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) til å legge handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021 ut på høyring med høyringsfrist 3. november 2017.

Les meir ›
Foto av assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Øystein Hunvik, som held ein presentasjon. Vi ser eit lysbilete på veggen, der det er bilete av ein buss, og det står Utvikling av kollektivtrafikken.

Stor interesse for høyringsmøte

20. september 2017

Om lag 60 personar deltok på fylkeskommunen sitt høyringsmøte om Regional transportplan 2018–2027 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa onsdag 13. september.

Les meir ›
Foto teke frå eit høgt fjell der me får utsikt nedover mot Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen. Sola bryt seg gjennom skylaget og sendet solstrålar nedover mot fjellet.

Symposium om tettstadutvikling i Aurland

01. september 2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Aurland kommune inviterer til symposium om tettstadutvikling og stadforming i Aurland 26. oktober.

Les meir ›
Foto av fire elsyklar som står stilte opp på ei brusteinsgate. Det er eit skilt på den fremste med teksten prøvekjøre. title=

Test CO2-avtrykk og prøv elsykkel

29. august 2017

Det er nasjonal klimakonferanse i Sogndal denne veka. Onsdag 30. august er det skule- og publikumssesjon med gratis inngang for alle.

Les meir ›
Foto frå eit trafikkbilete med fire syklistar og fleire bilar, alle kjem mot kameraet. Dei to fremste bilane er elbilar. Det står osgå bilar parkerte langs vegen. Oppå biletet er det lagt ein del tekst med kvit skrift. Det er orda gjenbruk, sykkelveg, kortreist mat, klimavenleg landbruk, rassikring, dritvêr og elbil eller hybridbåt.

Fotokonkurranse – klimaomstilling

29. august 2017

Vil du vere med å skape blest om klimaarbeid og -omstilling i Sogn og Fjordane? Dra på jakt med kameraet ditt i haust og vinn 5000 kr og ei framside. 

Les meir ›
Foto av ein buss merka med Kringom, som køyrer i knallgrøn natur ein sommardag. Det er ei elv som renn mot går under brua der bussen køyrer.

Høyringsmøte om Regional transportplan

23. august 2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til høyringsmøte om Regional transportplan 2018–2027 onsdag 13. september i Førde. Fristen for å kome med høyringsinnspel er 30. september.

Les meir ›
Foto av tre jenter på veg over ei bru i Førde. Dei smiler og ler, det er sommar, og i bakgrunnen ser vi Hafstad vidaregåande skule.

Ungdomane trivst godt i fylket

27. juni 2017

Resultata frå vårens Ungdata-undersøking syner at ungdom i Sogn og Fjordane skårar litt betre enn landsgjennomsnittet på spørsmål om skule, nærmiljø og forholdet til foreldra.

Les meir ›
Logoen til International Youth Peace Conference. Det er grøn skrift på kvit bakgrunn og ein illustrasjon av jordkloden.

Inviterer elevar og lærlingar med på fredskonferanse

10. mai 2017

Er du mellom 16 og 21 år og engasjerer deg i framtida til kloden vår? Då er dette eit arrangement for deg.

Les meir ›
Biletcollage med ti av føredragshaldarane på den nasjonale klimakonferansen i Sogndal i august 2017. Det er portrettbilete med namn og tittel under.

Vi må bli smartare, grønare, tryggare

05. mai 2017

Det er klart for ein nasjonal klimakonferanse i Sogndal 29. og 30. august. Påmeldingsfristen er 10. august.

Les meir ›
Foto som syner avfall, i hovudsak ulike plastflasker, langs kysten. Vi ser havet og øyer i horisonten, himmelen er blå.

Meir pengar til strandrydding

28. april 2017

Fylkeskommunen og Fylkesmannen løyver til saman 30 000 kroner til strandryddeaksjonen til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Miljøverk.

Les meir ›
Foto som syner ungdomsbedrifta ShoeSaver UB då dei fekk klima- og miljøprisen til fylkeskommunen og Ungt Entreprenørskap i 2017.

Fekk klima- og miljøprisen for ungdomsbedrifter

18. april 2017

ShoeSaver UB frå Årdal vidaregåande skule skal setje ein stoppar for gjørmete sko og har sikra seg årets klima- og miljøpris for produktet sitt.

Les meir ›
Foto av Tverrelvi i Flåm, etter at ho var nyetablert etter flaumen i Flåmselvi i 2014.

Prosjekt skal betre flaumsikring og miljøtilstand

07. april 2017

Eit nytt FoU-prosjekt vil finne fram til miljøvennlege metodar for restaurering av vassdrag og trygge dei mot flaum. 

Les meir ›
Illustrasjon som syner sokkelen på ei lyspære, der det veks grøne blader opp av. Skal illustrere enøk-tiltak.

Lyser ut to millionar til enøk-tiltak

06. april 2017

Kommunane og organisasjonar i fylket kan no søkje fylkeskommunen om støtte til enøk-tiltak. Søknadsfristen er 19. mai.

Les meir ›
Foto av forskar Knut Vareide  i Telemarksforsking som presenterer Regional analyse for Sogn og Fjordane 2016. Vareide står framfor power point-presentasjonen.

Gode tendensar i 2016

28. mars 2017

Sogn og Fjordane klarer nedgangstider betre enn landet elles. Ein regional analyse bestilt av Sogn og Fjordane fylkeskommune, syner at 2016 var eit godt år for fylket på fleire område.

Les meir ›
Fotocollage med fire bilete. Det eine syner ungdomar på ein buss, det andre syner ein raud bil som køyrer langs ein veg sommarstid. Det tredje syner eit Tollpost-vogntog, og det fjerde er teke frå dekket på ein båt som er på veg mot Måløy-brua.

Ny regional transportplan på gang

28. mars 2017

Fylkeskommunen jobbar no med Regional transportplan 2018–2027, som fylkestinget skal vedta i desember. Kunnskapsgrunnlaget for planen er lagt ut på nett.

Les meir ›
Foto av dei som deltok på oppstartsmøtet for eit klimaprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og Vestlandsforsking i mars 2017. Det er 14 personar som er oppstilte på rekke.

Samarbeider for å nå klimamåla

27. mars 2017

Ni kommunar skal samarbeide med fylkeskommunen og m.a. Vestlandsforsking i forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte.

Les meir ›
Foto som syner det gamle heradshuset i Stryn og plassen framfor, Per Bolstad plass. Det er laga til ei utstilling på plassen, med 50 like stativ bygde i tre. Stativa er smale og cirka 1,8 meter høge.

2,5 millionar til tettstadutvikling i 2017

22. mars 2017

Kommunane i fylket kan gjennom heile året søkje fylkeskommunen om tilskot til tettstadutvikling og stadforming.

Les meir ›
Skjermbilete av den nye nettsida til fylkesspegelen. Biletet syner ein meny med tittel statistikk etter tema.

Fylkesspegelen i ny drakt

01. mars 2017

Fylkesspegelen inneheld statistikk for heile fylket om mange ulike tema. No har spegelen fått eit ansiktsløft og blir presentert i ny drakt torsdag 2. mars kl. 9–9.30.

Les meir ›
Foto som skal illustrere folkehelse. Det syner tre ungar på fjelltur. Den eine står og støttar seg til og legg steinar på ein liten varde, dei to andre plukkar bær i lyngen bak. Foto: Den norske turistforening/www.flickr.com

Seminar om oppfølging av folkehelselova

28. februar 2017

Kommunane i Sogn og Fjordane er inviterte til dagsseminar om arbeidet med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar på i Førde 1. mars. Sjå opptak av seminaret her.

Les meir ›
Foto av seks ungdomar som jobbar frå ein låg murkant og ned på bakken. Fire har blå og to har rosa jakkar. Dei står framfor ein beige murbygning, vi ser tre rundt dei, og gjenskin i eit vindauge gjer at det er eit veldig motlys i biletet.

Gjennomfører ny ungdomsundersøking

12. januar 2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Les meir ›
Mann presenterer powerpoint på stort lerret foran publikum

Klimadag på Fylkeshuset

24. november 2016

21. november blei det arrangert Klimadag for fylkespolitikarane. Interne og eksterne føredragshaldarar diskuterte moglegheitene i det grøne skiftet.

Les meir ›
Fotocollage av tre bilete som syner ein syklist bakfrå, lading av el-bilar og ei batteriferje med logoen til Norled på.

Ønskjer innspel til klimaplan

07. november 2016

Klimautfordringane er ei av dei største utfordringane i vår tid. Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer no innspel til arbeidet med ein ny klimaplan.

Les meir ›
Foto av Eline Orheim, Carlo Aall og Ida-Beate Mølmesdal. Dei står framfor ein plakat med bokstavane KS.

Presenterte nytt klimaprosjekt

04. november 2016

«Samhandling for grønt skifte» heiter eit nytt forskingsprosjekt, som vart presentert på haustkonferansen til KS Sogn og Fjordane 3. november.

Les meir ›
surf

Ny statistikk og nye tal i Fylkesspegelen

03. november 2016

Vi har publisert ny statistikk og analyse på fleire av temasidene i fylkesspegelen:

Les meir ›
Skute ligg ved trekai i kystsamfunn.

Vedtok kystplanprogram

02. november 2016

Strategisk plan for kysten 2018-2029 styrer arbeidet med å vidareutvikle kystregionen og skape vekstkraftige og verdiskapande samfunn. 

Les meir ›
Framside på rapport med bilete av strand

Kartlegg friluftslivsområde

29. september 2016

Sogn og Fjordane fylkeskommune koordinerer prosjektet Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Sogn og Fjordane med mål om at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftslivsområda innan 2018.

Les meir ›
Portrettfoto av Synnøve Stalheim

Tek til som ny plansjef

01. september 2016

Synnøve Stalheim er no i gang med jobben som plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les meir ›
Tabell syner folketalsutvikling i Sogn og Fjordane 1. og 2. kvartal 2016

Folkeveksten held fram

30. august 2016

I andre kvartal 2016 har folketalet i Sogn og Fjordane auka med 302 personar. Dette er den største kvartalsvise folkeveksten i fylket på mange år.

Les meir ›
Ladestasjonar til elbil finn du på fylkesatlas.no

Skal du på ferie med elbil?

15. juli 2016

Fylkesatlas har no eit nytt tema der du kan finne ladestasjonane til elbil i fylket. Kanskje kan dette vere med på å redusere rekkeviddebekymringen?

Les meir ›
Kart som viser befolkningsframskrivning i Sogn og Fjordane 2016-2040

Slik vil folketalet bli i 2040

06. juli 2016

Det forventast at Noreg i løpet av perioden 2016-2040 vil få den raskaste millionpassering i noregshistoria, kor folketalet vil passerer 6 millionar like etter 2030. I Fylkesspegelen finn du tal på folketalsframskriving for kvar einskild  kommune i Sogn og Fjordane.

Les meir ›
Foto av Fylkeshuset sett frå parkeringsplassen under huset. I toppen av bilete ser vi grønt lauv og blå himmel. Foto: Oskar Andersen

Regional planstrategi 2016-20

27. juni 2016

Regional planstrategi skal legge langsiktige utviklingsmål for fylket, og er ein plan for planane.

Les meir ›
Skute ligg ved trekai i kystsamfunn.

Kystplan på høyring

23. juni 2016

Fylkesutvalet vedtok 22. juni å legge planprogrammet til Strategisk plan for kysten 2017 – 2025 ut på høyring. Høyringsfrist er 15. september.

Les meir ›
Samling menneske i seminar-samanheng med to-tre per bord

Klimautfordringane etter Paris-avtalen - i Nordens Paris

20. juni 2016

Fylkeskommunen deltek på nettverksmøte i Tromsø for å dele erfaringar og diskutere tema som kva Paris-avtalen betyr for norsk kommunesektor.

Les meir ›
Foto av Fylkeshuset sett frå parkeringsplassen under huset. I toppen av bilete ser vi grønt lauv og blå himmel. Foto: Oskar Andersen

Plan for planar vedtatt

15. juni 2016

Regional planstrategi for 2016-2020 er no vedtatt og skal legge langsiktige utviklingsmål for fylket.  I vedtaket ligg og tiltak for å motverke nasjonal sentralisering. 

Les meir ›
Kronprins i forsamling på grøn plen foran museeumsbygg

Kronprins på jubileum

07. juni 2016

Det var folkefest i Fjærland på fredag, då Kronprins Haakon vitja Fjærland i samband med 25-årsjubileet til Norsk Bremuseum. Kronprinsen deltok og på klimaseminar om formidling av forskingsarbeid.

Les meir ›
Foto av Fylkeshuset sett frå parkeringsplassen under huset. I toppen av bilete ser vi grønt lauv og blå himmel. Foto: Oskar Andersen

Regional planstrategi 2016-20

02. juni 2016

Planstrategien (RPS) er ein plan for planane, og fastset kva regionale planar og strategiar fylket skal lage i 2016-20. Framlegg til vedtak av RPS vert no lagt fram for fylkestinget 14. juni.

Les meir ›
Born i skogen

Firda vgs bryt nytt land

13. mai 2016

Firda vidaregåande skule har fått godkjenning til å starte opp med eit heilt nytt skulefag, kalla klima- og miljøfag, hausten 2016.

Les meir ›
Portrettfoto av Synnøve Stalheim

Synnøve Stalheim ny plansjef

11. mai 2016

Fylkesrådmannen har tilsett Synnøve Stalheim som ny plansjef.

Les meir ›
Publikum lyttar på foredrag i ein sal under klimatilpassingskonferansen 2016

Klimakonferanse i Sogndal

04. mai 2016

Det grøne skiftet må gjennomførast, også lokalt. Kristin Halvorsen, Cicero, fortalte i dag om kva klimaforhandlingane i Paris tyder for kommunar, samfunns- og næringsliv i fylket.

Les meir ›
UWC i Flekke

Klimakonferanse for ungdom

11. april 2016

Det vert arrangert ein klimakonferanse for ungdom på UWC i Fjaler 2.mai, i forkant av klimatilpassingskonferansen i Sogndal. Påmeldingsfrist er 15. april.

Les meir ›
Mountains2016 (1)

X European Mountain Convention, 3.-5. oktober 2016

06. april 2016

Euromontana, (the European Association of Mountain areas) arrangerer klimakonferansa X European Mountain Convetion i Bragança (Portugal) 3. – 5. oktober 2016. Temaet vert Fjellområder påverka av klimaendringar: Korleis kan menneskja og områda tilpasse seg og redusere effektane av klimaendringane?

Les meir ›
Nærbilde av morelletre med rosa blomar.

Karakter/Stryn symposium

05. april 2016

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til symposium om stadutvikling i Stryn 27. april, for kunnskapsutvikling og overføring til andre kommunar i Sogn og Fjordane. Påmeldingsfrist er 15. april.

Les meir ›
Biblioteket på Sogndal videregåande skule

Klimastipend for lærarar

01. april 2016

Lærarar som tek vidareutdanning i naturfag, med vekt på klima, energi og miljø, kan no søkje om eit klimastipend på 5000 kr hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les meir ›
Foto av Fylkeshuset sett frå parkeringsplassen under huset. I toppen av bilete ser vi grønt lauv og blå himmel. Foto: Oskar Andersen

Regional planstrategi 2016-2020 – Offentleg høyring

08. mars 2016

Fylkesutvalet (FU) vedtok 2. mars å legge regional planstrategi (RPS) for 2016-2020 ut på høyring. Planstrategien legg langsiktige utviklingsmål i fylket og føringar for regional planlegging.

Les meir ›
Foto frå stronda Grotlesanden i Bremanger. Sanden er nesten kvit i sola, og vi ser småbølgjene slå inn. I bakgrunnen har vi høge fjell, som skyene sig innover. Foto: Linda H. Knudsen, www.flickr.com

Kartlegg universell utforming

30. november 2015

Anlegg for fysisk aktivitet bør vere tilgjengelege for alle. No har fylkeskommunen kartlagt tilgjenge til 24 badeplassar og 20 skianlegg i fylket.

Les meir ›
Buss på Aurlandsfjellet. Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vel retning for fylket

09. november 2015

Arbeidet med ein regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016-2020 er godt i gang. Kunnskapssamfunnet, klimautfordringar og globalisering står sentralt for planutvalet.

Les meir ›
Foto av arbeidarrepresentant Hilmar Høl på talarstolen under fylkestinget i oktober 2015. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vedtok industristrategi

13. oktober 2015

Fylkestinget vedtok 13. oktober Industristrategi for Sogn og Fjordane 2016–2025.

Les meir ›
drsguz 236l

Støtte til prosjektsamarbeid

22. september 2015

To gongar i året deler NORA ut støtte til samarbeidsprosjekt som involverer partar frå minst to av dei fire NORA-landa. Søknadsfrist er 5. oktober.

Les meir ›
Nærbilete som syner ein vassdråpe på eit lauv. Foto: Asbjørn Ness, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring – vassforvaltning

01. september 2015

Handlingsprogram 2016–2018 for Regional plan for vassforvaltning er no sendt ut på høyring. Høyringsfristen er 15. oktober.

Les meir ›
Steinvegg frå Midttun i Gulen. Foto: Mona Elisabeth Steinsland

Pilot Gulen i Flolid

11. august 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Gulen kommune og grunneigar samarbeider om ein alternativ reguleringsplan for hytter og fritidshus, som skal ta omsyn til staden sine natur- og kulturverdiar, og allmenn ferdsel i strandsona.

Les meir ›
Foto som skal illustrere folkehelse. Det syner tre ungar på fjelltur. Den eine står og støttar seg til og legg steinar på ein liten varde, dei to andre plukkar bær i lyngen bak. Foto: Den norske turistforening/www.flickr.com

Vedtok folkehelseplan

17. juni 2015

«Saman for god helse og trivsel» er visjonen i Regional plan for folkehelse 2015–2025, som fylkestinget vedtok 17. juni.

Les meir ›
Fotograf: Rolf Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regional plansamling 7. og 8. mai i Førde

28. mai 2015

Fylkeskommunen inviterer kommuneplanleggjarar, rådmenn, politikarar og andre som jobbar med samfunnsplanlegging til regional plansamling. Vi stiller spørsmålet "Strategisk planlegging i kommunane – kva har vi lært?"

Les meir ›

Arbeidsmarknad

29. september 2014 Les mer

Kommuneøkonomi

11. september 2014 Les mer

Invitasjon til arbeidsverkstader

19. august 2014

Fylkeskommunen ynskjer eit samarbeid med statlege organ, kommunar og organisasjonar for å forme innhaldet og utforminga av ein regional plan for folkehelse.

Les mer

Fylkesdirektøren set lokal utvikling på dagsorden på vestlandskonferanse

16. juni 2014

Samfunnsutvikling og verdiskaping er hovudtema på den store vestlandskonferansen Vestlandsk Vidsyn i Stavanger i september. Fylkesdirektør for plan og næring, Svein Arne Skuggen Hoff, er ein av innleiarane på konferansen.

Les mer

Sju kommunar kan få midlar til tettstadforming

21. mai 2014

Fylkesdirektøren for plan og samfunn rår hovudutvalet for plan og næring til å gi sju tettstader til saman over 3,3 mill. kr til tettstadforming i 2014. Dei sju kommunane er Fjaler, Stryn, Gloppen, Solund, Jølster, Luster og Vågsøy.

Les mer

Arbeidsverkstadar om Regional plan for folkehelse 2014–2017

24. april 2014

Fylkeskommunen inviterer til arbeidsverkstadar om Regional plan for folkehelse fire stadar i fylket. Arbeidet med sjølve planen tek til no i mai, og vi vil difor ha innspel frå heile fylket – frå organisasjonar, bedrifter og privatpersonar.

Les mer

Regional plan for folkehelse

07. april 2014

Fylkesutvalet vedtok 02.04.2014 i sak 30/14 å legge planprogrammet til Regional plan for folkehelse ut på høyring.

Les mer

450 000 kroner til hurtigladestasjonar for el-bilar i fylket

07. februar 2014

Pengane skal gå til hurtigladestasjonar i Jølster, Sogndal, Stryn og Lærdal i tillegg til ombyggging av Tesla sin stasjon i Aurland. Det vedtok hovudutvalet for plan og næring i møte 7. februar.

Les mer

Vi blir 117 400 innbyggjarar i Sogn og Fjordane i 2030

30. januar 2014

Ein ny fylkesprognose viser at innbyggjartalet i Sogn og Fjordane kjem til å stige til 117 400 personar i 2030. Prognosen seier også noko om sysselsetjinga og bustadbehovet i fylket.

Les mer

Ny fylkesprognose torsdag 30. januar

27. januar 2014

Både media og andre interesserte er inviterte når fylkeskommunen legg fram ein ny fylkesprognose om folketal, sysselsetjing og bustadbehov torsdag 30. januar kl. 13.00. Det vert pressekonferansar både i Førde og Leikanger.

Les mer

Kommunane kan no søkje midlar til tettstadforming

24. januar 2014

Fylkeskommunen har sett av 3,543 mill. kr til tettstadforming i 2014. Alle kommunane i fylket kan no søkje om desse midlane, og søknadsfristen er 21. mars.

Les mer

Landbruks- og matpolitikk på Bulystkonferansen 2014

23. januar 2014

Buplikt, bygdebuaren og foredling og produksjon av lokalmat er noko av kjernen i Bulystkonferansen 2014. Og så kjem rikssynsar Jon Hustad for å snakke om dei «harde fakta for landbruket».

Les mer

To seminar om fisk i Førde 24. og 25. januar

14. januar 2014

Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved vassregionmynda, arrangerar seminaret "Påverknad frå akvakultur på laks og sjøaure – rømt oppdrettsfisk og lakselus" 24. januar. Dagen etter vert det eit seminar om fisk.

Les mer

Kulturarbeidarar frå heile fylket med på å lage kulturstrategi

13. januar 2014

Om lag 70 kulturarbeidarar i Sogn og Fjordane var 7. januar på plass i Førdehuset for å bidra til den nye kulturstrategien til fylkeskommunen. Konklusjonane var at vi skal satse på eldsjelene, gi gode rammer for eksisterande aktivitet og støtte opp om nyskaping og nye idear.

Les mer

Vil du vere med å påverke kulturlivet i Sogn og Fjordane i framtida?

06. januar 2014

Fylkeskommunen skal lage ein ny kulturstrategi for 2014 til 2017, og inviterer til eit ope innspelsmøte 7. januar. Her skal det peikast ut sentrale kulturprioriteringar og viktige arbeidsoppgåver i åra framover.

Les mer

Avsluttar samarbeid om fornying og omstilling i offentleg sektor

06. januar 2014

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sidan 2007 hatt eit samarbeid om tilskotsmidlar til fornying og omstilling i kommunane. Fylkeskommunen avviklar frå 2014 sin del av ordninga.

Les mer

Ny kulturstrategi – vil du vere med å påverke kulturlivet i Sogn og Fjordane i framtida?

02. januar 2014

Fylkeskommunen skal lage ein ny kulturstrategi for 2014 til 2017. Her vil vi peike ut nokre sentrale kulturprioriteringar og viktige arbeidsoppgåver i åra framover. Dette vil vi ikkje gjere aleine, og vi inviterer innbyggjarane i fylket til å delta. Det vil vere eit første høyringsmøte 7. januar 2014 i Førde.

Les mer

Regional plan for Ottadalsområdet – andre høyring

19. desember 2013

Den nye regionale planen for Ottadalsområdet er no ute til offentleg ettersyn for andre gong. Det er gjort endringar i både retningsliner og i plankart sidan planen var ute til høyring første gong. Det er også laga eit forslag til handlingsprogram.

Les mer

170 000 kroner til klyngetun for framtida

27. september 2013

Pilotprosjektet TUN+ er eitt steg nærare realisering etter at det har fått 170 000 kr frå hovudutvalet for plan og næring. No er målet å få på plass ein visningsbustad og eit prospekt av heile bustadområdet i Sogndal, slik at folk får augo opp for denne attraktive og framtidsretta buforma.

Les mer

Høyring: Regional plan for Nordfjella

13. september 2013

Offentlege instansar, lag, organisasjonar og andre interesserte kan no kome med innspel til den nye regionale planen for Nordfjella. Planen gjeld mellom anna område i Aurland og Lærdal. Det vert eit informasjonsmøte om planen i Aurland 23. september.

Les mer

Fire prosjekt i fylket får Bulyst-midlar

25. juni 2013

Sogn og Fjordane får god utteljing på Bulyst-støtte til ulike prosjekt. Fire av dei fem prosjekta fylkeskommunen løfta inn for KRD, får no midlar til gjennomføring.

Les mer

Statssekretær utfordra fjellregionane til langsiktig politikk

31. mai 2013

Sogn og Fjordane fylkeskommune var vertsfylke då Fjellregionsamarbeidet var samla til årskonferanse og rådsmøte på Skei denne veka. Der vart medlemane i samarbeidet utfordra av statssekretær Eli Blakstad i Kommunal- og regionaldepartementet.

Les mer

Fjellregionane set auka verdiskaping på dagsorden

13. mai 2013

Kva kjenneteiknar bygder og fjellområde som lukkast? Korleis mobilisere kompetansearbeidsplassar, og korleis lukkast internasjonalt? Dette er noko av tema for årskonferansen til Fjellregionsamarbeidet. Konferansen vert på Skei Hotel 29.–31. mai.

Les mer

Fylket kan få fem nye bulystprosjekt

13. mai 2013

Hovudutvalet for plan og næring vedtok i møte 8. mai å løfte inn fem søknader til årets bulystordning. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) avgjer kva prosjekt som får bulyst-status.

Les mer

Fire verdiskapingsprosjekt i Sogn og Fjordane får tilskot frå Riksantikvaren

05. april 2013

Riksantikvaren har løyvd 1,5 millionar til fire verdiskapingsprosjekt knytt til Sogn og Fjordane fylke. Kongevegen over Filefjell og Kystpilegrimsleia Rogaland-Nidaros får mest.

Les mer

Lokale plan-, kart- og folkehelsedagar 9.–10. april

22. mars 2013

Folkehelsedagane er i år samordna med den årlege plankonferansen 9.–10. april 2013. Konferansen vert på Hotel Alexandra i Loen og er arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Geoforum.

Les mer

Nytt dialogmøte om Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

06. mars 2013

Vi inviterer no til det tredje dialogmøtet om den nye regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Møtet vert på Skei Hotell torsdag 11. april. Møt opp, diskuter og bidra med dine synspunkt og innspel.

Les mer

800 000 kroner til utvikling av lokalsamfunna i Hornindal og Balestrand

22. februar 2013

Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd 800 000 kroner for å styrkje Hornindal og Balestrand i å utvikle lokalsamfunna sine. Målet er å gjere kommunane meir attraktive for både innbyggjarar og næringsliv.

Les mer

Samhandling om fornying og utvikling av offentleg sektor

08. februar 2013

Samarbeidet er tufta på ein tosidig avtale mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen om å vidareføre samarbeidet som vart opprette i programstyret for fornying av offentleg sektor og IKT.

Les mer

Hovudutvalet for plan og næring vil prioritere seks satsingar i plan for verdiskaping

08. februar 2013

Hovudutvalet for plan og næring tilrår å prioritere seks satsingar: energi, havbruk og fiskeri, reiseliv, kunnskapstenester, landbruk, og industri og teknologi.

Les mer

Seminar om «sunne hus»

01. februar 2013

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane arkitektlag inviterer til seminar om energi og miljøvenleg arkitektur. Seminaret vert i Sogndal 6. februar kl.17.00–20.00.

Les mer

4,9 millionar til tettstadforming

17. januar 2013

No kan alle kommunane i fylket søkje om tilskot til tettstadforming i kommunesentra. Fylkeskommunen har sett av 4,9 millionar kroner til dette i 2013. Søknadsfristen er 31. januar.

Les mer

Nordsida utviklingslag tok imot Fylkesprisen for idérike bygder

12. desember 2012

Utviklingslaget frå Stryn er pionerar i bygdeutviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane. Tysdag fekk dei Fylkesprisen for idérike bygder, og vart heidra for arbeidet dei starta med alt i 1988.

Les mer

Nytt dialogmøte om Regional plan – fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

23. november 2012

Fylkeskommunen arbeider med å revidere «Regional plan – fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014–2017». No inviterer vi alle med interesser i og for feltet til å kome med innspel i prosessen. Dialogmøtet vert på Skei måndag 3. desember kl. 18.00.

Les mer

Nyskapande kommunar og lokalsamfunn i sentrum på Nordfjordeid

02. oktober 2012

Konferansen Vestlandsk Vidsyn vert arrangert i Operahuset Nordfjord 24. og 25. oktober. Her vert det eit nærare blikk på nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet. Friviljug innsats, mobilisering og planarbeid i lokal samfunnsutvikling er stikkorda.

Les mer

Lærdal er omstillingskommune

27. september 2012

Det avgjorde HPN i møtet den 25. september. Med dette følgde kr 1 000 000 i 2012 til å få på plass ein omstillingsorganisasjon.

Les mer

Erling Sande delte ut over 2 millionar i bulyst-midlar i Bremanger

29. juni 2012

Nye Bremanger Utviklingslag får 2,17 millionar kroner i bulyst-midlar til eit tilflyttingsprosjekt. Den gledelege nyhenda vart overlevert av stortingsrepresentant Erling Sande 27. juni.

Les mer

Nordatlantisk samarbeidsutval løyvde 500 000 kroner til bærprosjekt

08. juni 2012

Nordatlantisk samarbeidsutval (NORA) hadde onsdag 6. juni årsmøte i Balestrand. Dei nordiske samarbeidspartane fordelte der midlar til mellom anna prosjektet «BÆR». Det er utvikla av Njøs Næringsutvikling i Leikanger saman med partnarar frå Island, Grønland og Færøyane.

Les mer

Tilflytting og pendling i Bremanger

02. mai 2012

Hovudutval for plan og næring (HPN) prioriterer tilflyttingsprosjekt i Bremanger til Kommunal- og regionaldepartmentet si Bulyst-satsing.

Les mer

Konferanse om trendar og utfordringar for Vassregion Sogn og Fjordane

19. april 2012

Kva er dei viktigaste trendane og utfordringane for Vassregion Sogn og Fjordane? Dette er namet på scenariokonferansen på Skei 9. mai.

Les mer

Einskilde kommunar har klart å stoppe utflyttinga

12. februar 2012

I Fylkesspegel for Sogn og Fjordane er det vist at einskilde kommunar har ein drastisk nedgang i netto utflytting. Sogndal har i løpet av to år redusert utflyttinga med tre fjerdedelar, medan Vågsøy har redusert den med to tredjedelar. Det er store skilnadar mellom kommunane, og fleire har ein negativ trend. – Statistikkane viser òg kor avhengige vi er av utanlands arbeidsinnvandring. Utan den hadde folketalet utvikla seg dramatisk i negativ retning, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Les mer

Fylkesspegel Sogn og Fjordane – eit nytt verkty for fylket

12. februar 2012

Fylkeskommunen lanserer Fylkesspegelen, ei ny samling aktuell statistikk som ser på hovudtrekk i utviklinga i fylket. Her finn du tema som folkehelse, næringsstruktur og flyttemønster. – Fylkesspegelen syner mellom anna at nokre kommunar kan ha lukkast i å stoppe utflyttingsstraumen, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Les mer

Fylkesprisen for idérike bygder 2011 går til Viksdalen v/Viksdalen bygdalag

30. november 2011

Viksdalen får prisen for at dei over lang tid har vore ei aktiv og initiativrik bygd med varierte tilbod for folk i alle aldrar. Det bestemde hovudutvalet for plan og næring i møte 29. november.

Les mer

Utlysing av tilskot til fornying i offentleg sektor og IKT for 2012

24. november 2011

Fylkesmannen løyvd fem millionar til dette i 2012. I tillegg er det i fylkeskommunen sitt budsjett for 2012 framlegg om å løyve 2,4 millionar. Fristane for å søkje om tilskot er 15. januar og 1. juni neste år.

Les mer

Kommunane kan få midlar til tettstadforming

23. november 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser no ut midlar til tettstadforming. Kommunane i fylket kan søkje om pengar innan fristen 15. januar 2012.

Les mer

Fylkesspegelen med oversikt over arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane

01. november 2011

Fylkesspegelen presenterer no statistikk over stillingstilgangen for fylket og dei einskilde kommunane. I småkommunane dominerer stillingar i det offentlege. Det kjem òg fram at i Nordfjord har ikkje stillingstilgangen følgt konjunkturane som i dei andre regionane.

Les mer

Styrkjer vassdirektivet med ni millionar kroner

06. oktober 2011

Finansieringa av arbeidet med EU sitt vassdirektiv vert styrkt med ni millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2012. Styrkinga skal gå til overvakinga av vassresursane, opprydding i vassdrag og andre øyremerkte tiltak og vil difor ikkje kome det lokale og regionale planarbeidet til gode.

Les mer

Held fram satsinga på lokalt utviklingsarbeid

06. oktober 2011

Satsinga på lokalsamfunnsutvikling i kommunane (LUK) får, som i fjor, 30 millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2012. Samstundes justerer regjeringa ned satsinga på Bulyst frå 47 til 42 millionar neste år.

Les mer

Inviterer til arkitektursymposium

30. september 2011

Alle stader har sin eigen karakter, forma av historie, natur, kultur og miljø. 20. og 21. oktober inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til symposium for å sjå nærare på korleis særpreget til stader blir teke omsyn til i planarbeid og utforming.

Les mer

Fylkespris til idérike bygdesamfunn

12. september 2011

I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen for idérike bygdesamfunn, og også i år vil Sogn og Fjordane fylkeskommune dele ut pris til nyskapande og driftige bygdesamfunn. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner, og fristen for å søkje eller føreslå kandidatar er 1. november.

Les mer

Fjærland tildelt pris for iderike bygdesamfunn

01. september 2011

På fylkestinget som er samla på Hermansverk 14. og 15. desember vart Fjærland ved Fjærland Bygdautval tildelt Fylkespris for iderike bygdesamfunn. Prisen som er den sjuande i sitt slag vart overrekt av leiar i hovudutval for plan og næring Kjartan Longva.

Les mer

SIS-kommunane utviklar felles planstrategi

31. august 2011

Kommunane som er del av Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) arbeider med eit prosjekt om felles plansamarbeid, og denne veka gjennomførte dei eit seminar for å konkretisere mål og strategiar. Målsetjinga er å utvikle ein felles planstrategi for Flora, Naustdal, Førde, Jølster og Gaular.

Les mer

Vestlandsk vidsyn – møtestad for nyskapande lokalsamfunn i vest

31. august 2011

Konferansen Vestlandsk vidsyn går av stabelen på Voss 26. og 27. oktober. Med denne ynskjer vestlandsfylka å etablere ein årleg møtestad der deltakarane kan dele erfaringar, hauste ny kunnskap og få tilbod om gode verktøy i arbeidet med nyskaping kommunar og lokalsamfunn.

Les mer

Fylkesspegelen presenterer ny statistikk – utviklinga i arbeidsmarknaden

18. august 2011

I samarbeid med NAV presenterer no Fylkesspegelen statistikk over utviklinga i arbeidsløysa for kommunane i perioden frå 2000 til og med 2010. Statistikken viser utviklinga for den einskilde kommune samtidig som det vert gjort ei vurdering av årsakar og konkrete trekk som kan forklare utviklinga og ulikskapar mellom kommunane. Kommunedata er vist samla for kvar region.

Les mer

Internasjonalt blikk på utfordringar i Sogn og Fjordane

01. juli 2011

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) sommarskule for internasjonale doktor- og mastergradstudentar. Som ein del av dette, skal studentane arbeide med ei rekke sentrale utfordringar for Sogn og Fjordane.

Les mer

Fylkeskommunen krev at staten bidreg med midlar til opprusting av tettstadar

16. mai 2011

Staten som vegeigar må bidra med midlar inn i eit spleiselag når det vert lansert og vald ut gode tettstadprosjekt, skriv fylkesordførareren i eit brev til Vegdirektoratet. Han viser til prosjektet som er under gjennomføring i Leikanger med utbygginga av Hermansverk sentrum.

Les mer

Set søkjelyset på rekruttering til distrikta

08. april 2011

Korleis kan vi møte rekrutteringsutfordringane i framtida? Det er eitt av spørsmåla Distriktssenteret stiller når dei torsdag 7. april inviterer til dialogseminar på Fylkeshuset i Leikanger. Sogn og Fjordane fylkeskommune er medarrangør, og seminaret kan følgjast og kommenterast direkte på nett.

Les mer

Einskilde kommunar har klart å stoppe utflyttinga

19. februar 2011

I Fylkesspegel for Sogn og Fjordane er det vist at einskilde kommunar har ein drastisk nedgang i netto utflytting. Sogndal har i løpet av to år redusert utflyttinga med tre fjerdedelar, medan Vågsøy har redusert den med to tredjedelar. Det er store skilnadar mellom kommunane, og fleire har ein negativ trend. – Statistikkane viser òg kor avhengige vi er av utanlands arbeidsinnvandring. Utan den hadde folketalet utvikla seg dramatisk i negativ retning, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Les mer

Søk om støtte til Bulyst-prosjekt

14. februar 2011

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har lyst ut 47 millionar kroner til satsing på bulyst, attraktivitet, stadutvikling og kultur. Fylkeskommunen skal samordne søknadane i Sogn og Fjordane, og vi oppmodar difor alle med gode bulyst-prosjekt om å søkje om støtte innan 15. april 2011.

Les mer

Fylkesspegel Sogn og Fjordane – eit nytt verkty for fylket

10. februar 2011

Fylkeskommunen lanserer Fylkesspegelen, ei ny samling aktuell statistikk som ser på hovudtrekk i utviklinga i fylket. Her finn du tema som folkehelse, næringsstruktur og flyttemønster. – Fylkesspegelen syner mellom anna at nokre kommunar kan ha lukkast i å stoppe utflyttingsstraumen, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Les mer

Fem kommunar får omstillingsløyving

03. februar 2011

Hovudutval for plan og næring tildelte 1. februar 9 mill. kr. til dei fem kommunane Stryn, Askvoll, Høyanger, Vågsøy og Hyllestad. Dette er midlar som skal bidra til å løyse dei ekstraordinære omstillingsutfordringane kommunane har.

Les mer

Lyser ut tilskot til tettstadforming

02. desember 2010

Kommunar som har gode idear til korleis ein kan skape identitet, trivsel, bulyst og virke, kan få støtte hjå fylkeskommunen til utarbeiding av gode og attraktive møteplassar. Søknadsfristen er 28. januar 2011.

Les mer

Fjærland v/Fjærland Bygdautval får prisen Iderike bygder 2010

30. november 2010

Det vedtok hovudutval for plan og næring i møte tysdag 30. november. Fjærland gjev rom for tilflyttarar og nye idear, og har vist seg som ei kreativ bygd i lang tid, heiter det i grunngjevinga.

Les mer

Regional plan for Nordfjella

22. oktober 2010

Torsdag 14. oktober var det oppstartsmøte for regional plan for Nordfjella på Geilo. Bakgrunnen for møtet er at Miljøverndepartementet (MD) i 2008 bad Sogn og Fjordane fylkeskommune om å starte arbeidet med regional plan for Nordfjella villreinområde.

Les mer

Fylkespris til idérike bygdesamfunn

21. oktober 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil også i år gje pris til idérike bygdesamfunn. Prisen er eit diplom og ein pengesum på 30 000 kroner, og fristen for å sende inn forslag til prisvinnarar er 8. november.

Les mer

Bygdeutviklingsprisen 2010 går til Laila Gjerde

19. oktober 2010

Laila Gjerde frå Jostedalen får Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2010 i Sogn og Fjordane. Gjerde har drive kombinert reiselivsverksemd og gardsdrift sidan ho var heilt ung.

Les mer

God oppslutning om plansamlinga ”Erfaringar med ny plan- og bygningslov”

11. oktober 2010

23 av kommunane våre var representerte på samlinga, der målgruppa var kommunale planleggarar og private firma innan arealplanlegging.

Les mer

Kulturbasert næring som distrikts- og stadsutviklar

07. oktober 2010

Konferanse på Nordfjordeid 3. november tek føre seg korleis kulturbasert næring kan gi innovasjon, nye arbeidsplassar og auka kulturelt innhald lokalt.

Les mer

Plansamling i Førde

04. oktober 2010

Frå tysdag 5. til torsdag 7. oktober er det den nye plan- og bygningslova som står i fokus på plansamlinga i Førde.a

Les mer

Skal få folk i tomme hus

04. oktober 2010

Kommunane Luster og Hyllestad har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, starta opp prosjekt der målet er at fleire tomme hus og gardar skal verte selde til folk som ynskjer å bu der fast.

Les mer

Skal synleggjere spisskompetanse

17. september 2010

Onsdag møttest 25 deltakarar med bakgrunn frå 19 ulike land på Skei hotell. Dei deltek i prosjektet Global Future, der målet er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar med høgare utdanning her i fylket.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune på European Mountain Convention

16. september 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune er tilstades med deltakarar på European Mountain Convention som no pågår på Lillehammer. Temaet for årets konferanse er innovasjon i fjellregionane. Det er 340 deltakarar på konferansen frå 35 forskjellige land.

Les mer

Samarbeidsavtalar mellom fylkeskommunen og dei fire regionråda

25. august 2010

I sak 03/09 Budsjett 2010 – plan og næring løyvde hovudutvalet for plan og næring til saman 2,2 mill. kr. til dei fire regionråda. To av samarbeidsavtalane er no underskrivne.

Les mer

Europeisk fjellkonferanse på Lillehammer 15.–17. september 2010

17. august 2010

Påmeldingsfristen til Euromontana konferansen nærmar seg.

Les mer

Ny rapport om prosjektleiarrolla

13. august 2010

God prosjektleiing er ein kritisk suksessfaktor. I mange prosjekt er det her storparten av kostnadane ligg, og det er ofte store forventningar til det prosjektleiaren skal få til. I ein ny rapport frå Bygdeforsking kjem det mellom anna fram at rolla som prosjektleiar ofte blir opplevd som einsam.

Les mer

Ny kunnskap om kystlandskap presentert i fylkesatlas

06. juli 2010

Fylkeskommunen har fått gjennomført ei landskapskartlegging lang kysten av Sogn og Fjordane. Alle kartdata frå denne kartlegginga er no tilgjengeleg på fylkesatlas.

Les mer

Design for å fremje bulyst - 200.000 kroner til Design Stryn

05. juli 2010

Design Stryn har fått 200.000 kroner frå Bulyst-midlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til eit forprosjekt som skal greie ut moglegheitene for å bruke design som verkty for å fremje distriktsutvikling og påverke val av bustadkommune og moglegheiter for å skape utvikling.

Les mer

960.000 kroner til utvikling av spennande bustadprosjekt

05. juli 2010

Prosjektet TUN+ frå Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått til saman 960. 000 kroner til utvikling av moderne klyngetun gjennom Bulyst-satsinga frå Kommunal- og regionaldepartementet

Les mer

200.000 kroner til PreForm - utvikling av kunst og næring i Fjaler

05. juli 2010

Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd 200.000 kr. til forprosjektet PreForm i Fjaler frå bulystprosjektet.

Les mer

Søkjer etter prosjekt som aukar Bulysta

10. mars 2010

Kommunal- og regionaldepartementet har lyst ut 32 millionar kroner til satsing på bulyst, attraktivitet, stadutvikling og kultur. Fylkeskommunane skal samordne søknadane. Vi oppmodar difor alle med gode prosjekt som fremjar bulysta i Sogn og Fjordane om å søkje om støtte innan 12. april 2010.

Les mer

Fordeling av midlar til tettstadforming

23. februar 2010

Hovudutvalet for plan og næring vedtok i møte 18.februar fordelinga av dei 5,6 millionane som er disponible til tiltak for tettstadforming i 2010. Leikanger, Vik, Aurland og Flora er blant kommunane som får midlar i år.

Les mer

Kva er god vasskraftutbygging?

12. februar 2010

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging er under arbeid. Torsdag 1. oktober inviterer vi til eit ope arbeidsmøte om planen og då håpar vi på gode innspel.

Les mer

Årets landskonferanse for stadutvikling i Florø er i gang

12. februar 2010

Årets landskonferanse for stadutvikling i Florø er i gang. Silda blenkjer i havet og pryder Flora sitt kommunevåpen. Og jammen blenkjer det og litt i kommunesenteret Florø, der ordførar Bente Frøyen ønskjer meir enn 100 deltakarar velkomne til ein ny Landskonferanse for tettstadutvikling, som i år er lagt til Sogn og Fjordane.

Les mer

Ny fylkesdirektør for plan og samfunn

04. februar 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tilsett Svein Arne Skuggen Hoff som fylkesdirektør for den nye avdeling for plan og samfunn. Han har dei siste tre åra vore assisterande fylkesdirektør for kultur.

Les mer

Varsla debatt om regionsenter og busetnadsmønster

25. november 2009

Eit samrøystes Fylkesutval tilrådde 25. november fylkesrådmannen sitt framlegg til FoU-strategi for næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Les mer

Fylkesprisen for Iderike Bygdesamfunn 2009

24. november 2009

Breim, og Breim Bygdeutviklingslag, får fylkesprisen for Iderike Bygdesamfunn 2009. Bygda hente heim prisen framfor seks andre iderike bygdesamfunn.

Les mer

Positivt omstillingsarbeid

19. november 2009

17. november 2009 var det omstillingssamling på Skei der resultat og erfaringar frå omstillingsprogrammet dei siste åra vart lagt fram. Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjennomført eit forskningsprosjekt der dei undersøkte effektane av omstillingsarbeidet i utvalde kommunar, og sler fast at dette arbeidet har ført med seg mykje positivt.

Les mer

Til Kina med prosjekt frå Sogn og Fjordane

13. november 2009

Mona Steinsland, rådgjevar ved regionalavdelinga i fylkeskommunen, er invitert til å halde utstilling og innlegg på ei symposium i Kina 10.-12. november i Guangzhou på Sør-Kina tekniske universitet.

Les mer

Arbeid med Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging er i godt gjenge

02. november 2009

Fylkeskommunen skal utarbeide fylkesdelplan for tema knytt til vasskraftutbygging. I siste møte vart fylkesutvalet orientert om statusen med arbeidet. Målsetjinga er at ein planutkast skal leggjast ut til offentleg ettersyn 28. november 2009. Etter planen skal fylkestinget gjera endeleg vedtak om planen i mars 2010.

Les mer

Sjekkar status på klimaarbeidet

30. oktober 2009

Kommunane i fylket mottek i desse dagar ei sjekkliste for kartlegging av status på det lokale klimaarbeidet. Sjekklista skal gi ein peikepinn om korleis klimaarbeidet i kommunane ligg an i høve til fylkesdelplan for klima og miljø.

Les mer

Tettstadsforming 2010

26. oktober 2009

Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søkje tilskot til tettstadforming i kommunesentra. Fylkeskommunen skyver prosessen for tilskotsordninga fram i tid slik at kommunane kan starte det fysiske arbeidet på staden tidlegare. Kommunane kan vente svar i mars/april 2010.

Les mer

Lærdal Grønt BA fekk tildelt Bygdeutviklingsprisen

13. oktober 2009

Fylkesordførar Nils R. Sandal og styreleiar i Innovasjon Noreg og leiar i hovudutval for plan og næring Kjartan Longva stod for utdelinga av Bygdeutviklingsprisen 2009 til Lærdal Grønt BA. Prisen vart delt ut på Fylkestinget si tingsete i Loen.

Les mer

Tilrettelegging for miljøvenleg vasskraft

12. oktober 2009

Fylkeskommunen har starta arbeid med Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging. Vi legg opp til ei framdrift som gjer at planen kan vedtakast i desember 2009. Det er laga eit planprogram, som definerer kva innhald planen skal ha. Dette finn du nedanfor.

Les mer

Fylkespris til idérike bygdesamfunn

09. oktober 2009

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil også i år gje pris til idérike bygdesamfunn. I fjor var det Holmedal Vel som fekk prisen. Prisen er eit diplom og ein pengesum på 30 000 kroner. Juryen som skal vurdere kandidatar er styringsgruppa i bygdeutviklingsprogrammet. Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember

Les mer

Presentasjon av fylkesdelplan for vindkraft

07. oktober 2009

Den framtidige vindkrafutbygginga vil verta konsentrert til sju delområde langs kysten, framkjem det av utkastet til fylkesdelplan for vindkraft som vart presentert på vindkraftmøtet på Fosshaugane Campus i dag.

Les mer

Vil støtte regionale utviklingstiltak

17. september 2009

Fylkesdirektøren for regional utvikling rår til å løyve over 1 mill. kr. til fleire regionale utviklingsprosjekt. Etablerarprogrammet Huldra, Fjord Inkubator og reisemålsselskapet Fjordkysten er mellom prosjekta fylkesdirektøren rår hovudutval for plan og næring til å støtte.

Les mer

Tilrettelegging for miljøvenleg vindkraft

28. august 2009

Fylkeskommunen har starta arbeid med Fylkesdelplan for vindkraft. Overordna mål er at planarbeidet skal legge til rette for at Sogn og Fjordane kan bli eit pilotfylke i arbeidet med å auke vindkraftproduksjon.

Les mer

5,1 millionar til attraktive og miljøvennlege tettstader

19. juni 2009

Fylkeskommunen sitt hovudutval for plan og næring har løyvd 5,1 mill. kr. til tettstadutvikling i fylket. Midlane skal gå til forming av attraktive og miljøvennlege tettstader.

Les mer

24 Tettstadprosjekt konkurrerar om 5,1 millionar

10. juni 2009

Tettstadmidlar 2009. Fristen for å søkje var 30. mars. Det er kome inn søknader frå 17 kommunar, i alt 24 prosjekt og med ein samla totalkostnad på omlag 58 millionar.

Les mer

Vil støtte regionale utviklingstiltak

15. mai 2009

Fylkesdirektøren for regional utvikling rår til å løyve over 1 mill. kr. til fleire regionale utviklingsprosjekt. Bygdeutviklingsprogrammet og delfinansiering av stillinga som designrådgjevar i Sogn og Fjordane er mellom prosjekta fylkesdirektøren rår hovudutval for plan og næring til å støtte.

Les mer

Invitasjon til konferanse om fjellpolitiske tema

06. mai 2009

Fjellregionsamarbeidet inviterer til open Årskonferanse 4.-5. juni 2009 på Savalen i Nord-Østerdalen. Tema som spesielt gjeld Fjellregionane blir tatt opp, med fokus på Fjellpolitikken i lys av den nye distrikts- og regionalmeldinga, verdiskaping, vernepolitikk og internasjonalt samarbeid.

Les mer

Ny stortingsmelding: Lokal vekstkraft og framtidstru

06. mai 2009

Regjeringa har lagt fram ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Meldinga skal leggje grunnlag for tru på framtida i byar og lokalsamfunn i heile landet, og gje kommunar og lokalsamfunn evne til å styrkje den lokale vekstkrafta, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Les mer

”Stein på stein” – forvaltnings- og utviklingsplan på høyring

03. april 2009

Det er utarbeidd utkast til ein forvaltnings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad. Planen er tufta på ei områdeanalyse med verdivurderingar av kulturminne og landskap, sårbarheit og utviklingspotensial.

Les mer

Regionalpolitikk på europeisk nivå

16. mars 2009

Fylkesvaraordførar og visepresident i Euromontana Tor Bremer medverkar til å setje søkelys på utkantsamfunn i EU og dermed også i heile EØS området.

Les mer

Millionar til omstilling

20. februar 2009

Fylkeskommunen sitt hovudutval for plan og næring gjev Høyanger og Vågsøy til saman 6 mill. kr. i omstillingsstøtte for 2009. Også Flora, Hyllestad og Askvoll får midlar til omstilling.

Les mer

Skal fordele 128 mill. kr. til regional utvikling

20. januar 2009

I møte 21. januar handsamar hovudutval for plan og næring budsjettet for sektoren. Heile 128 mill. kr. har plan og næring disponibelt til ulike utviklingstiltak i 2009.

Les mer

Tettstadmidler-utlysing 2009

20. januar 2009

Fylkeskommunen vil løyve 5.1 millionar til gode tettstadprosjekt i 2009. Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søkje om tilskot til tettstadforming i kommunesentra.

Les mer

Holmedal Vel fekk fylkespris til idérike bygder

09. desember 2008

Fylkesordførar Nils R. Sandal og Leiar i hovudutval for plan og næring Kjartan Longva delte ut Pris til idérike bygder til Holmedal Vel i Askvoll kommune på fylkestingsseta i Leikanger.

Les mer

Fylkesprisen til iderike bygdesamfunn går til Holmedal Vel

25. november 2008

Fylkesprisen til iderike bygdesamfunn går i 2008 til Holmedal Vel i Askvoll kommune. Mellom mange gode kandidatar har vinnaren utmerka seg med stor iderikdom og dugnadsånd. Heile bygda har vore med i arbeidet med å utvikle eit godt bumiljø og trivsel for folk i alle aldrar.

Les mer

Pris til iderike bygder

19. november 2008

Kven får prisen til iderike bygder i år? Det avgjer hovudutvalet for Plan og Næring den 25.11

Les mer

Konferanse: Ny planlov - Kva er nytt?

21. oktober 2008

120 deltakarar frå kommunar og konsulentfirma er påmelde til konferansen i Førde den 23. -24. oktober. Sjå vedlagt program og deltakarliste. Lova er vedteken og vil tre i kraft 1. juli 2009.

Les mer

Fylkespris til idérike bygdesamfunn 2008

08. oktober 2008

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil også i år gje pris til idérike bygdesamfunn. I fjor var det bygdelaget på Sørsida av Lustrafjorden som fekk prisen. Prisen er eit diplom og ein pengesum på 30 000 kroner. Søknadsfrist er 10. november 2008.

Les mer

Samlemelding frå regionalavdelinga i høve statsbudsjettet 2009

07. oktober 2008

Regionalavdelinga har samla dei viktigaste funna i statsbudsjettet når det gjeld dei hovudområda som gjeld deira fagområde. Oversikt over stam- og riksvegar er ikkje teke med her, men handsama i eiga melding.

Les mer

Vellukka temadag om klimaplanen

07. oktober 2008

Vi la mellom anna opp til å få eit kritisk blikk på det utsendte høyringsutkastet for planen.

Les mer

Heidi Sørensen og Kurt Oddekalv innleiarar på temadag om klimaplanen

11. juli 2008

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer temadag i høve høyringa av Fylkesdeplan for klima og miljø på Rica Sunnfjord Hotell i Førde den 30. september.

Les mer

3.7 mill kroner til tettstadprosjekt

18. juni 2008

Eidsgata parsell 4, sentrumsparken i Sogndal og sjøfronten i Svelgen sentrum vart tildelt over 3 mill kroner

Les mer

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette