IKT lærling i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ynskjer du ein spennande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan vi tilby læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har til ei kvar tid ca.15 lærlingar i staben. I år skal vi ta inn 9 nye lærlingar.

Vi har lang røynsle med å ta i mot lærlingar og kan tilby god fagleg opplæring i samsvar med krava i læreplanen.

Ikt drifts- og utviklingstenesta leverer ikt-tenester til ca. 1500 tilsette og 4500 elevar i fylkeskommunen og har arbeidsoppgåver som drift, utvikling og brukarhjelp knytt til tenester innan server, applikasjon, datanettverk, klientutstyr og samhandlingsløysingar.

Frå medio august 2018 tek vi inn lærlingar på følgande lokasjonar:

  • Årdal vidaregåande skule, Øvre Årdal
  • Sogndal vidaregåande skule, Sogndal 
  • Høyanger vidaregåande skule, Høyanger 
  • Dale vidaregåande skule, Dale 
  • Firda vidaregåande skule, Sandane 
  • Stryn vidaregåande skule, Stryn 
  • Måløy vidaregåande skule, Måløy 
  • Hafstad/ Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde 
  • Fylkeshuset, Leikanger

Kven kan søke og korleis?

Aktuelle søkjarar må kunne dokumentere godkjend vidaregåande utdanning i eit av dei aktuelle faga. For å få lærlingplass hjå oss må du vere serviceinnstilt, utadvendt og motivert. Du må kunne ta ansvar for eiga læring og ha evner til å samarbeide.

Søk på fylkeskommunen sin rekrutteringsportal ved å klikke på denne lenka.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for alle lærlingplassane er 1. mars

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tom Sølve Myklebust
IKT-driftskoordinator
415 30 977
Tom.Solve.Myklebust@sfj.no

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven