Logo for prosjektet Prosjekt Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Hydrogen Region Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune sett i gang eit prosjekt for å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi.

Fylkeskommunen har etter å ha fått ei pengegåve frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, etablert ei støtteordning der nettverk av private og offentlege aktørar kan søkje om midlar til utviklingsprosjekt innan hydrogen.

Vi forventar eit kraftoverskot i Noreg i åra framover, og energimarknaden er i rask endring, mellom anna på grunn av teknologiutvikling, meir desentralisert produksjon, press på infrastruktur og distribusjonsleddet samt nye behov hos sluttbrukar. Denne utviklinga gjer til at norske myndigheiter no vil satse på meir lokal utnytting av dei fornybare kraftressursane, mellom anna gjennom av karbonisering av land- og sjøtransport.

I energimeldinga (Meld. St. 25, 2015–2016: Kraft til endring – energipolitikken mot 2030) seier regjeringa at auka bruk av batteri-, hydrogen- og brenselcelleteknologi på ulike bruksområde vil bidra både til utsleppsreduksjon og næringsutvikling for aktørane i dei aktuelle verdikjedene.

Hydrogenproduksjon utan utslepp

Grunnstoffet hydrogen finst det mykje av i naturen, til dømes i vatn. Framstilling av hydrogen kan mellom anna skje i ein elektrolyseprosess, der ein spaltar vatn ved hjelp av elektrisitet. Sogn og Fjordane er rikt på fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft, biomasse og bølgjekraft.

Produksjon av hydrogen i fylket kan difor skje med utgangspunkt i fornybare energikjelder, utan utslepp av klimagassar.

Etterspurnaden vil auke

Hydrogen kan nyttast som drivstoff til brenselceller, som igjen produserer elektrisitet ved å om danne hydrogen og oksygen til vatn i ein elektrokjemisk prosess. Med denne teknologien kan hydrogen verte brukt som drivstoff i motorar med null utslepp av klimagassar.

Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil difor truleg auke i åra framover, då det kan redusere behovet for fossil energi. Hydrogen kan spele ei sentral rolle i dei lokale verdikjedene, men òg som ei etterspurt eksportvare i åra som kjem.

Satsingsområde

Fylkespolitikarane har sagt at hydrogen skal vere eit satsingsområde for Sogn og Fjordane, mellom anna som ein del av industristrategien for verdiskapingsplanen 2015–2025, og likeeins gjennom handlingsprogrammet for klima og miljø 2016–2017.

Hovudutval for næring og kultur har vedteke eit prosjekt som skal stimulere til auka bruk av hydrogenløysingar, samt til produksjon og effektiv distribusjon av hydrogen. Det vart mellom anna synt til at arbeidet med hydrogen så langt har fått god mottaking i næringslivet, og mange har forventningar til ei satsing framover (sak 16/570-1).

Fem hovudaktivitetar

Med utgangspunkt i denne utviklinga og moglegheitene for regionalt næringsliv har Sogn og Fjordane fylkeskommune sett i gong eit prosjekt for å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering hydrogenteknologi.

Prosjektet varer frå 2016–2018 og har fem hovudaktivitetar:

  1. Bidra til utviklingsprosjekt i næringslivet
  2. Samarbeide med kommunane om areal - og transportplanlegging
  3. Utvikle og styrke kompetanse og kunnskap i fylket knytt til hydrogen
  4. Samarbeide med dei andre fylka på Vestlandet om strategiske interesser knytt til hydrogen
  5. Delta i relevante nettverk, partnarskap og møteplassar regionalt , nasjonalt og internasjonalt

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00