www.eid.vgs.no

Hurtigladestasjonar for elbil

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å vidareføre arbeidet med å ta ei koordinerande rolle i å få på plass hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane, og vil bidra til oppretting av hurtigladestasjonar ved sentrale knutepunkt og strekningar.

Ordninga går ut på å støtte opp om utbygging av hurtigladestasjonar ved sentrale knutepunkt og strekningar som ikkje fell inn under ENOVA si støtteordning. Dette for å få ei enno betre dekning slik at ein kan nytte seg av elbil i heile fylket. 

Kven kan søkje?

Alle kan søkje.

Krav til hurtigladestasjonar

  • Plasseringa må vere avklart med grunneigar.
  • Plasseringa må vere ein naturleg møteplass knytt til sentrale knutepunkt og strekningar i fylket.
  • Plasseringa må vere på ein lett synleg stad i trafikksikker avstand til anna trafikk.
  • Stasjonen må vere godt merka, og meldt inn til relevante nettsider som for eksempel www.ladestasjoner.no ved ferdigstilling.
  • Stasjonen må ha tilgang til tilstrekkeleg nettkapasitet.
  • Der ladepunkt blir etabler må det vere avsett eigna plass for oppstilling av køyretøy medan lading føregår.
  • Søkar har ansvar for at etablering av ladestasjon skjer etter dei sikkerheitssystem som krevjast  ved denne type installasjon.
  • Ladaren må kunne nyttast under dei klimatiske forhold som førekjem der den blir installert.
  • Betalingsløysinga må kunne nyttast av alle.

Kva prosjekt og tiltak vert prioriterte?

Vi prioriterer prosjekt innan desse områda:

  • Ei plassering/område som ikkje blir dekka av ENOVA si søkeordning for utbygging av hurtigladestasjonar.
  • Ei plassering som ligg i samband med viktige vegstrekningar i fylket.
  • Ei plassering som kan gagne lokale verksemder og utvikling
  • Ei plassering som bidreg til at vi får ei betre dekningsgrad for bruk av elbilar i fylket.
  • Eit tiltak som er samfinansiert med støtte frå lokale aktørar, enten det er private verksemder, næringsliv eller kommunen.

Økonomi

Søknaden skal innehalde budsjett, og det bør gå fram korleis prosjektet blir finansiert. Maksimal støtte frå fylkeskommunen er kr 100 000 pr. prosjekt. Støtta vert å rekne som bagatellmessig støtte.

Søknad

Søknaden skal opprettast elektronisk gjennom nettstaden www.regionalforvaltning.no
Søknadsskjemaet inneheld obligatoriske felt i søknadsskjemaet som alle skal fyllast ut.

Søknadsfrist

Vi tek i mot søknader heile året.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Relaterte lenker