www.eid.vgs.no

Framside til planprogram for Regional transportplan Sogn og Fjordane 2018-2027

RTP-planprogram på høyring

Fylkesutvalet vedtok 13. april å legge planprogram til regional transportplan (RTP) for 2018 – 2027 ut på høyring. Høyringsfrist er 27. mai 2016.

Planprogrammet til RTP skal fastlegge kva tema som skal handsamast i planen, planen sitt føremål, organisering av arbeidet, planprosess, framdrift og opplegg for medverknad.

RTP skal vere ein plan som legg grunnlaget for fylkeskommunen sine samferdslepolitiske prioriteringar på lang sikt. Det vert lagt opp til at planen skal omhandle heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ein vedteken RTP frå 2013. Dei statlege transportetatane har lagt fram sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018 – 2029, som vil gje viktige signal for utviklinga av transportsektoren i åra som kjem. Det er lagt vekt på at nasjonale mål og føringar for transportpolitikken vert innarbeidd i revisjonen av planen. Revidert RTP vil erstatte gjeldande RTP m/handlingsprogram med verknad frå  2018.

Vi ber om innspel på innhald, prosess, framdrift og opplegg medverknad i planarbeidet.  Innspel på konkrete investeringstiltak/prosjekt vil vi kome attende til ved utlegging av transportplanen sommaren 2017.

Fråsegner og innspel kan sendast elektronisk til post@sfj.no eller i post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger innan 27.mai.

Merk innspelet med Regional transportplan 2018 – 2027

Høyringsframlegg for planprogram til regional transportplan 2018-2027 (pdf)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker