Tannlegeinstrument på eit bord med grøn duk. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring for skyssutgifter

Fylkeskommunen legg framlegg til endra forskrift for dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta ut på offentleg høyring i perioden 15. november til 30. november.

Fylkestinget  vedtok i sak 25/16 at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal revidere forskrifta for dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta. Fylkestinget vedtok samtidig at ordninga skal innrettast slik at ho kjem pasientane som må reise oftast og lengst til gode etter strukturvedtaket i tannhelsetenesta.

Fylkesrådmannen sitt framlegg til ny refusjonsordning vert no lagt ut på høyring:

Framlegg til endra forskrift om dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta, i samsvar med § 5-1 i tannhelsetejenestelova

Dei som har merknader må sende høyringsfråsegner til fylkesrådmannen ved direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune Clara Øberg, clara.oberg@sfj.no , innan 30. november 2016.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven