Historikk

Sogn og Fjordane fylke vart skipa då Bergenhus amt vart delt i to i 1763. Fylkeskommunen har eksistert sidan 1837, i si noverande form sidan 1976.

19. september i 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Nordre Bergenhus amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke). Han hadde embetsstad på heimegarden på Kaupanger.

Det første fylkestinget

Då formannskapslovene kom i 1837 oppstod fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå – samstundes med kommunane. Det første møtet i fylkestinget fann stad på gjestgjevarstaden Tross i Dale 30. juli 1838.

Kommunestyra valde medlemane i fylkestinget fram til 1976. Ordførarane vart oftast valde som utsendingar til fylkestinget. Folketalet i kommunane avgjorde kor mange medlemar kvar kommune valde.

Fylkeskommunen og Fylkesmannen var eitt

Amta i Noreg vart gjort om til fylke i 1919. Amtmannen, som var statleg embetsmann og administrativ leiar, hadde frå 1919 tittelen fylkesmann. Ingolf E. Christensen var den første fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det vi i dag kjenner som fylkeskommunen og Fylkesmannen var ein og same institusjon fram til 1976, med felles statleg styrt administrativ leiing.

Den første fylkesordføraren

Frå 1963 vart det vald ein fast fylkesordførar for heile den fireårige valperioden. Fylkesordføraren var den fremste politiske folkevalde med særskild politisk makt. Tidlegare vart det for kvart fylkestingsmøte valt ein «formann» då fylkestinget kom saman. Fylkesmannen var framleis administrativ leiar.

Den første fylkesordføraren i Sogn og Fjordane var Ragnvald Terum Winjum (V) frå Aurland. Han vart alvorleg sjuk etter at han vart vald i 1963 og fekk ikkje leie noko fylkesting. Fylkesvaraordførar Nils J. Helgheim (Sp) frå Jølster tok over etter Winjum og sat ut perioden til 1967. Oversikt over fylkesordførarane i Sogn og Fjordane.

Direkte val til fylkestinget

1. januar 1976 oppstod fylkeskommunen i si noverande form. Det førte til ei stor omorganisering. Fylkeskommunen og fylkesmannen skilde lag, og vi fekk fylkeskommunen slik vi kjenner han i dag.

Frå hausten 1975 fekk vi direkte val av medlemer til fylkestinget. Blant desse vart det valt ein fylkesordførar.

Vidare vart det skipa eigen fylkeskommunal administrasjon med fylkesrådmann som leiar. Han  erstatta fylkesmannen som øvste administrativ leiar. Odd Søfteland var den første fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane. Oversikt over fylkesrådmennene i Sogn og Fjordane.

Fylkeshuset opnar

Fylkeshuset i Leikanger vart teke i bruk i 1989. Heile administrasjonen i fylkeskommunen – utanom kulturavdelinga – flytta då inn under same tak. Før det heldt administrasjonen til på seks ulike stader på Leikanger. Kulturavdelinga har hatt kontor i Førde sidan avdelinga vart oppretta i 1978.

Fylkesordførarar i Sogn og Fjordane:

1963–1963 Ragnvald Terum Winjum, Venstre, Aurland
1963–1967 Nils J. Helgheim, Senterpartiet, Jølster
1968–1975 Leif Iversen, Høgre, Vågsøy
1976–1987 Ola M. Hestenes, Senterpartiet, Gloppen
1988–1991 Julius Fure, Høgre, Selje
1992–1995 Sjur Hopperstad, Senterpartiet ,Vik
1995–1999 Knut O. Aarethun, Arbeidarpartiet, Lærdal
1999–2011 Nils R. Sandal, Senterpartiet, Gloppen
2011–2015 Åshild Kjelsnes, Arbeidarpartiet, Flora
2015– Jenny Følling, Senterpartiet, Gaular

Fylkesrådmenn i Sogn og Fjordane

1976–1977 Odd Søfteland
1977–1997 Svein Lundevall
1997–2006 Per Drageset
2006–2012 Jan Øhlckers
2012– Tore Eriksen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven