www.eid.vgs.no

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Helsesøster har kontor i "hesteskoen" i første etasje. Her finn du også informasjonen, rådgjevar og miljøkoodinator.

Skulehelsetenesta ønskjer å vere med på tilbod som kan fremme god helse og trivsel for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesøster formidlar kontakt til skulelegen. Helsesøster eg også behjelpelig med å formidle kontakt med psykolog, psykiatriteneste, barne og ungdomspsykiatrien (BUP) eller Nordfjord psykiatrisenter og evt til andre. Helsesøster og skulelege har teieplikt. 

Ønskjer du og bestille time?

Kan du kontakte Helsesøster eller henvende deg informasjonen på Eid vidaregåande skule. Du kan også bestille time via miljøkoordinator, rådgjevar eller kontaktlærar eller møte opp når ho er der.

Helsestasjon for ungdom

Den finn du på helsestasjonen i Rådhuset. Rådhuset ligg i sentrum ved Cirkle K-stasjonen. Dei har opningstid torsdag frå kl. 14.30-16.30.

Ingen krav til timebestilling eller betaling.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

 

Helsesøster er på skulen
Tirsdag fra 1200 – 1500

Helsestasjon for ungdom
Torsdag: 1430-1630