www.eid.vgs.no

Helseovervakingsdokumentet

«Kunnskapsgrunnlag – Oversikt over levekår og livsstil i Sogn og Fjordane» er utarbeidd som følgje av krav og føringar som er lagt til fylkeskommunen når det gjeld oversikt over helsetilstanden til innbyggjarande i fylket.

SFJ helseoversikt.jpgSogn og Fjordane peikar seg framleis positivt ut på mange levekårsindikatorar. Vi har små inntektsskilnader, høg levealder, og få born som lever i familiar med låg inntekt. Vi har færre born med einsleg forsytar, færre unge lovbrytarar og færre unge arbeidsledige enn landsgjennomsnittet. Trivsel på skulen målt ved 10. klasse er noko betre enn landsgjennomsnittet, og mobbing i skulen for same alderstrinn er vesentleg betre enn for landet. Det same gjeld fråfall i vidaregåande skule.

Levekåra i fylket skil seg likevel mindre frå landsgjennomsnittet enn tidlegare. Dette gjeld i særleg grad indikatorar som måler utviklinga for born og ungdom.

Her kan du lese dokumentet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar
mie.dahl.pind@sfj.no  
576 38 026

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378