Berte og Hansine på Bulandet i Askvoll. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Helseovervaking

Ei full kunnskapsoversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane er eit bra utgangspunkt for å legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid i fylket.

Dokumentet "Kunnskapsgrunnlag - Oversikt over levekår og livsstil i Sogn og Fjordane (oppdatert januar 2016)" er utarbeidd som følgje av krav og føringar for fylkeskommunen når det gjeld å halde oversikt over helsetilstanden og påvirkningsfaktorer for denne.

I tillegg blir det jamleg publisert oppdatert folkehelsestatistikk på Fylkesspegelen, fylkeskommunen sin statistikkportal.

 

Ny folkehelseoversikt for Vestland fylkeskommune

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane har gitt fellesnemnda for Vestland fylkeskommune fullmakt til å starte opp førebuande arbeid med regional planstrategi for den nye fylkeskommunen.

I arbeidet skal det utarbeidast eit kunnskapsgrunnlag over utviklingstrekk og utfordringar på ulike samfunnsområder i det nye fylket. Her under skal det utarbeidast ein ny folkehelseoversikt i tilknyting til fylkeskommunen sitt ansvar for folkehelse tilstanden i fylket, jfr. Lov om folkehelse.

Folkehelseoversikta skal liggja føre i forkant av regional planstrategi, og leggjast til grunn for arbeidet med strategien. Difor skal arbeidet med ny folkehelseoversikt starte opp snarast råd hausten 2018.

Sjå sak 28/18 i Fylkestinget for meir informasjon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette