www.eid.vgs.no

Helse i alle politikkområde

Folkehelsearbeidet har bevega seg frå å ha eit hovedfokus på epidemiar og smittsame sjukdomar, via levevanerelaterte sjukdomar til å rette merksemda mot breidda av faktorar som påverkar helse i samfunnet. 

Folkehelsearbeidet er eit ansvar for alle sektorar og politikkområde, men er ikkje eit ansvar for det offentlege sektor åleine. Heile samfunnet må bidra, både næringslivet og frivillige organisasjonar og andre.

folkehelse.JPG

Den sosiale helsemodellen av Whitehead og Dahlgren (1991) viser at helse og sosiale skilnader vert påverka av mange ulike faktorar. Kvar ring illustrerer eit lag av påverknadsfaktorar (helsedeterminantar) som kjem i tillegg til dei biologiske og genetiske faktorar menneska er født med.

Modellen viser årsakssamanhengar som strekk seg frå generelle samfunnstilhøve til eigenskapar ved enkeltmennesket.  Frå tidlegare å vere eit felt for fagleg ekspertise i helsesektoren er folkehelsearbeidet i dag løfta ut mot alle sektorar og demokratiske rom, og er gjenstand for politiske prioriteringar.

Med folkehelselova (2012) vart det etablert eit fundament for å styrke folkehelsearbeidet i politikk og samfunnsutvikling.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

Relaterte lenker