www.eid.vgs.no

Heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane

Rapporten "Heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane" er utarbeida av Vestlandsforsking, som dokumentasjon på arbeidspakke nr.2 i prosjektet "Samhandling for Grønt Skifte". 

Den er meint å gi ei heilskapleg analyse av sårbarheita på klimaområdet for Sogn og Fjordane.

"Heilskapleg" fordi den både analyserer

  • den direkte lokale sårbarheita for lokale klimaendringar
  • den indirekte lokale sårbarheita for klimaendringar i andre regionar og land
  • den lokale sårbarheita for ein meir ambisiøs internasjonal og påfølgjande nasjonal klimapolitikk.

Rapporten er utarbeida med ein kombinasjon av skriftlege tilbakemeldingar frå relevante etatar og styringsgruppa, kombinert med systematiske intervjurundar av eit utval representantar frå regionale partnarar i prosjektet. Det blei laga eit intervjuopplegg med 3-8 representantar frå desse aktørane:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Fylkesmannen ​i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelingar
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Beredskapsavdelinga
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga
  • Statens Vegvesen Region vest
  • NVE Region Vest

Rapporten er meint å vere eit kunnskapsgrunnlag for dei vidare lokale analysane som vil bli gjennomført i deltakarkommunane i fylket. Rapporten kan du lese her.

Arbeidet ute i kommunane har starta opp, og du kan lese meir om dette her.

Les meir om prosjektet Samhandling for grønt skifte her.

Samarblogo.PNG

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231