Steinfeld foran elevar og lærarar i Kinosalen

Steinfeld foran elevar og lærarar i Kinosalen

Hans-Wilhelm Steinfeld gjorde inntrykk

I løpet av eit foredrag gjorda den erfarne journalisten og føredragshaldaren stort inntrykk på vg3-elevane og lærarar med sin kunnskap og levande formidlingsevne.

Den 09. November 2016 samla VG3 klassene seg i kinosalen for å høyre på NRK veteran Hans Wilhelm Steinfeld halde føredrag om si tid som korrespondent i NRK. Spent ventar elevane, og nokre lærarar, på at Steinfeld skal kome inn i salen. Lik seg sjølv kjem han gåande bestemt inn, som om han har vore der fleire gongar før. Steinfeld startar med å ta spørsmål frå elevane, og utan stor overrasking handlar fleire av spørsmåla om presidentvalet i USA. ”Du må snakke høgt” får elevane som stiller spørsmål kommando om. Det er ingen tvil om at Steinfeld er lik seg sjølv i eigen person som han er som TV-profil. ”Jeg er ikkje redd for nokon tredje verdskrig”, svarar Steinfeld og fleire elevar pustar letta ut. Steinfeld er ein mann med mykje erfaring og kunnskap når det kjem til dette temaet og til historie, så elevane lyttar godt etter når han fortel om sine meiningar rundt valet og kva han sjølv trur kjem til å skje. Hans Wilhelm Steinfeld held eit glimrande føredrag om alt i frå presidentvalet i USA til si tid som korrespondent. Utan tvil ei læringsrik og informativ erfaring for både elevar og lærarar.  (Skrive av Rigmor Naustdal)

 

Tips ein ven Skriv ut