Foto av rundk√łyringa p√• Eid. Vi ser vegen mot F√łrde og J√łlstravatnet i bakgrunnen.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Handlingsprogram for veg p√• h√łyring

Fylkestinget skal i desember kome med uttale til Statens vegvesen sitt handlingsprogam 2018–2023.

Handlingsprogrammet er ei oppfølging av Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029, som vart handsama i Stortinget i juni i år. Det er ei konkretisering av innsatsen på riksveg i den første seksårsperioden av NTP.

Handlingsprogrammet beskriv innsatsen til Statens vegvesens innan forvaltning, trafikant og køyretøy, drift, vedlikehald, planlegging og bygging av veg. Det gjev oversikt over alle investeringstiltak som Statens vegvesen skal gjennomføre i perioden. Vidare inneheld handlingsprogrammet omtale av strategien vegvesenet har på målområda framkome for ulike trafikantgrupper, trafikktryggleik og klima og miljø.

Det første året i handlingsprogrammet er i samsvar med framlegget til statsbudsjett, som regjeringa la fram 12. oktober. Deretter er det lagt til grunn ei tilnærma lineær opptrapping. Den endelege ramma og konkrete tiltak for kvart år vert fastsett i statsbudsjettet.

Utkastet til handlingprogram er sendt til uttale hjå alle fylkeskommunane og dei største bykommunane.

Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2018–2023 til uttale.

For meir informasjon

Dina Lefdal
fylkesdirektør for samferdsle
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirekt√łr

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no