Ein rutebuss på veg opp dei svingete vegane på Aurlandsfjellet.

Foto: Rolf M. Sørensen

Handlingsplan

Stortinget har vedteke ein visjon om null drepne og null hardt skadde i trafikken. Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeider med denne visjonen som rettesnor.

Gjennom handlingsplanen for trafikktrygging 2014-17 er det slått fast at trafikktrygging er ein viktig del av folkehelsearbeidet til fylkeskommunen, med fokus på førebygging av skader og ulukker.

Fylkeskommunen har ikkje instruerande mynde overfor andre deltakarar i trafikktryggingsarbeidet. For å redusere ulukkestala er det likevel udiskutabelt at det må jobbast systematisk og målretta. Fylkeskommunen oppmodar til slikt samarbeid gjennom handlingsplanen for trafikktrygging.

Store samfunnskostnader

I følgje Statens Vegvesen vart ei dødsulukke i trafikken kostnadsrekna til vel 35 mill. kr i 2012  Ei trafikkulukke der ein person vert hardt skadd vart kostnadsrekna til nær 10,4 mill. kr. I perioden 2008-2011 kravde trafikken på vegane i Sogn og Fjordane 119 drepne og hardt skadde personar.

Trafikantretta tiltak

For å oppnå at færrast mogleg vert skadde og drepne i trafikken, må innsatsen på trafikantretta tiltak aukast og verte meir målretta. Satsinga i 2014-17 skal difor vere innan fire område, som først og fremst er trafikantretta:

  • Unge
  • Foreldre
  • Arbeidsgjevarar
  • Førarrett for risikogrupper

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no