www.eid.vgs.no

Grunnskule for minoritetsspråkeleg ungdom

Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som har behov for meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Dette tilbodet har erstatta det som tidlegare vart kalla innføringsklasse for ungdom på vidaregåande skule.

Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom er eit samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen. Ta kontakt med kommunen der du bur for å få meir informasjon.

  • Skuleåret 2017/2018 er det grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom for elevar som bur i Askvoll, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Stryn, Vik og Vågsøy.
  • For skuleåret 2018/2019 er målet å opprette avtale med alle kommunar i Sogn og Fjordane om dette tilbodet.

Alternativ til vanleg grunnskuleopplæring

Alle minoritetsspråklege mellom 16 og 24 som ikkje har fullført vidaregåande skule frå før, kan søke dette tilbodet. Tilbodet er fysisk plassert på ein vidaregåande skule, slik at elevane får vere i lag med andre jamnaldrande.

Er du over 16 og manglar grunnskuleopplæring, er kommunen pliktig å tilby dette. I dei fleste kommunar deler ein ikkje klassane etter alder, slik at ein kan risikere å gå i same klasse som foreldra. Då kan grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom vere eit betre alternativ.

Avsluttar med grunnskuleeksamen

Om du har utdanning frå utlandet, eller manglar karakterar frå grunnskulen, vil du ikkje kunne konkurrere på lik linje med andre elevar om inntak til vg1. Du kan difor risikere å ikkje kome inn på utdanningsprogrammet eller studiestaden du ynskjer. Då kan du vurdere grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom.

Det inneberer opplæring i eitt år i grunnskulepensum, og du avsluttar med grunnskuleeksamen. Det gir deg eit vitnemål med karakterar som du bruker for å søkje inntak til vidaregåande opplæring, og på den måten kan du konkurrere på lik linje med andre elevar.

Må ha A2-nivå i norsk

For å søkje inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar. Om du har eit lågare nivå enn A2, vil du ikkje få nok utbytte av dette året til å ta eksamen. Tilbodet tek utgangspunkt i tiårig grunnskule som skal gjennomgåast på eitt år. Grunnleggjande norskkunnskapar før oppstart er difor avgjerande for resultatet. Om du ikkje har nådd A2, anbefalar vi at du tek meir norskopplæring i kommunen din.

Studiestøtte frå Lånekassen

Om du får tilbod om opplæring i grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom, kan du søkje Lånekassen om studiestøtte. Dette gjeld ikkje for søkjarar som har godkjent grunnskule frå før og difor får tilbod om meir grunnskuleopplæring etter opplæringslova §4A-1 andre ledd. Søkjarar som får introduksjonsstønad har heller ikkje rett på studiestøtte. Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.

Søk

Når du søkjer må du nytte papirskjema og sende dette til fylkeskommunen:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

I feltet kurskode skal du skrive GMU, og i feltet kursnamn skal du skrive grunnskule. Feltet for skule skal stå tomt. Du treng ikkje å legge ved vedleggsskjema, det skal berre brukast ved søknad til vidaregåande opplæring.

Tilbodet om grunnskule  for minoritetsspråkleg ungdom byggjer på opplæringslovens § 4A-1 andre ledd.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker