www.eid.vgs.no

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerpris for ungdom

Gründerprisen er ein årleg pris som skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Vinnar 2016

Gründerprisen for ungdom gjekk i 2016 til REMB Technologies og produktet dei utvikla for dokking av skip. Bedrifta held til i Florø og vart starta av gründerane Erlend Bjerck og Robin Madsen i 2014. Gründerane hadde erfaring ifrå verftsindustrien, og god industriell kompetanse.

Prisen gir heider og 50 000 kroner. Etter talen overrekte fylkesordførar Jenny Følling blomar, sjekk og diplom til vinnarane.

Dreg nytte av industriklynga

Jakob Andre Sandal, frå hovudutvalet for næring og kultur, rosa gründerane for å satsa friskt i ein global bransje prega av sterk konkurranse. Juryen legg vekt på at bedrifta har fått til eit produkt med høg grad av innovasjon, og at dei har tatt i bruk dei moglegheitene som ligg i industri-klynga i Florø-området.

– . Gründerane er lokale florøværingar og har brukt den varierte og solide erfaringa si til å utvikle eit imponerande produkt på heimplassen sin., seier Sandal.

I samarbeid med større aktørar

REMB imponert også med det breie samarbeidet dei hadde etablerte med aktørar som Westcon Yard Florø, Kongsberg Innovasjon og TTS Syncrolift. Ideen fått også brei støtte frå fleire store aktørar som Innovasjon Norge, Flora kommune, Sparebanken Vest og Norges Forskningsråd

Tidlegare vinnarar

2015      SGN Skies
2014      Sogndal Lodge Guiding
2013      Back to Start
2012      Yast, nLink og Rocketfarm
2011      Videonor
2010      LocalHost
2009      AskAdam
2008      Stadt Surf School
2007      Moods of Norway
2006      Byks

Kriterier

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra og må vere lokalisert i fylket.

Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Eksempel kan vere:                    

  • Omsetnad
  • Arbeidsplassar
  • Offensiv nyskaping
  • Teknologisk nyskapande produkt
  • Kommersiell innretting av produkt
  • Utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
  • Funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Frist for grunngjeve innspel til aktuelle kandidatar er 12. november 2017.

Ta kontakt med:

Jo-Andreas Lunde Meisfjordskar
​Nærings- og kulturavdelinga
Jo-Andreas.Lunde.Meisfjordskar@sfj.no
57638063
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jo-Andreas Meisfjordskar
57638063

Relaterte lenker