Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerpris for ungdom

Gründerprisen er ein årleg pris som skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut på fylkestinget i desember.

 

Vinnar 2017

Gründerprisen for ungdom gjekk i 2017 til Elde Cosmetics som no sel hudpleieprodukta sine til land som Thailand, Australia og USA. Bedrifta held til i Førde og vart starta av gründeren Vemund Eldegard i 2009. Bedrifta vart i 2015 etablert som eit aksjeselskap.

Prisen gir heider og 50 000 kroner. Etter talen overrekte fylkesordførar Jenny Følling blomar, sjekk og diplom til vinnaren.

Eit naturleg alternativ

Årets vinnar leita etter eit alternativ til dyre hudpleieprodukt, då han ikkje fann dette bestemte han seg for å lage det sjølv. Hudpleieprodukta er laga med 100 prosent naturlege og veganske råvarer, og skal fylle ei nisje i hudpleiemarknaden. Lokale butikkar og frisørsalongar gav god draghjelp i starten.

Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutvalet for næring og kultur, seier Vedmund Eldegard er ein flott representant for Sogn og Fjordane og til inspirasjon for alle gründerar som er her i fylket og i heile landet.

Internasjonal merksemd

Gründeren har lagt ned mykje arbeid. På nett er 45 prosent av salet til utlandet, og skodespelar Emma Watson frå Harry Potter-filmane har anbefalt produktet. Verksemda har og hausta mykje merksemd i lokale og nasjonale medium.

Tidlegare vinnarar

2017      Elde Cosmetics

2016      REMB Technologies

2015      SGN Skies
2014      Sogndal Lodge Guiding
2013      Back to Start
2012      Yast, nLink og Rocketfarm
2011      Videonor
2010      LocalHost
2009      AskAdam
2008      Stadt Surf School
2007      Moods of Norway
2006      Byks

Kriterier

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra og må vere lokalisert i fylket.

Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Eksempel kan vere:                    

  • Omsetnad
  • Arbeidsplassar
  • Offensiv nyskaping
  • Teknologisk nyskapande produkt
  • Kommersiell innretting av produkt
  • Utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
  • Funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

 

Ta kontakt med:

Anne Silje Sylvarnes
​Nærings- og kulturavdelinga
Anne.Silje.Sylvarnes@sfj.no
57638164
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne Silje Sylvarnes
57638164

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00