www.eid.vgs.no

Foto av dagsturhytta på opningsdagen 8.desember 2017

Dagsturhytta på Sandane vart opna 8. desember 2017. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Dagsturhytta Draumekvila

Gloppen-hytta ligg på Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane.

Det var høgtidleg opning av hytta i Trivselsskogen 8. desember 2018, med høgtlesing for barnehagebarn, konsert med Good Time Charlie med spesialskriven opningssang og snorklypping med fylkesordførar og ordførar. Hytta i Gloppen kommune var det første som vart opna.

Tilkomst og parkering

Det er fleire alternativ parkering:

  1. Ein kan parkere i Sandane sentrum og gå opp via byggefeltet Høgnausen. Her kryssar du under E-39. Du ser hytte opp i lia frå sentrum.
  2. Kjem ein køyrande frå Byrkjelo, køyr forbi første avkøyring til Sandane på Kleivedammen og fortsett ca 600 meter. Så første avkjørsel til høgre.
  3. Kjem ein frå Anda sida, køyr forbi første avkjørsel til Sandane. Etter ca 800 meter første avkjørsel til venstre. Skiltet Trivselsskogen er godt synleg frå E-39.

Dersom ein kjem med buss kan ein gå frå rutebilstasjonen i Sandane sentrum.

Stien til hytta

Området i Trivselsskogen er godt skilta og mange stiar går mot Draumekvila. Ved hovudskiltet ved E-39 startar den mest nytta stien. Følg denne oppover, og les skilta etter kvart. Du skal forbi solplatået og kjærleiksskogen før du kjem til Draumekvila som ligg på om lag 200 meter.

Avstandar

Turen tar om lag 20-25 minutt frå skiltet ved E-39.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Skrede

Rådgjevar fysisk aktivitet

Atle.Skrede@sfj.no

41530716

Relaterte lenker