www.eid.vgs.no

Friluftsliv

Fysisk aktivitet

Klarer ein å auke det fysiske aktivitetsnivået frå lågt til moderat, med èin time kvar dag for barn og ein halvtime for vaksne, vil helsegevinsten vere betydeleg.

Vi veit at effekten er like stor for eldre som for yngre. Inaktivitet aukar i alle aldersgrupper, og med dei store helsemessige utfordringane det medfører for samfunnet og den enkelte, er det heilt nødvendig å satse meir på fysisk aktivitet.

Det er eit mål for fylkeskommunen å legge til rette for at så mange som mogeleg kan delta i tilrettelagd fysisk aktivitet. For å oppnå god folkehelse er det viktig at ein i arbeid med idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet legg særskild vekt på å nå nye og inaktive grupper i befolkninga med tilpassa tilbod. «Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019» er eit viktig dokument der folkehelse er eit gjennomgåande perspektiv og skal ligge til grunn for prioriteringar som skal skje på områda planen tek føre seg.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Skrede
Rådgjevar
Atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Relaterte lenker