6j 28ajn 77n

Foto: Jonas Hasselgren/Utefoto

Fysisk aktivitet

Fylkeskommunen er regional utviklingsaktør for å skape og legge forholda til rette for fysisk aktivitet for alle.

Det er i kommunane og i lag og organisasjonar den fysiske aktiviteten vert skapt. Fysisk aktivitet har stor verdi både for individet, lokalsamfunnet og storsamfunnet. Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv bidreg for å skape gode sosiale møteplassar i lokalsamfunna i kommunane i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen sine oppgåver

  • Støtte opp med både rådgjeving og ulike tilskotsordningar.
  • Vere med ved utarbeiding av kommunale planar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv som vert revidert av kommunane kvart fjerde år med deltaking på møter og innspel.
  • Samarbeide tett med regionale organisasjonar som Sogn og Fjordane idrettskrins og Forum for Natur og Friluftsliv (FNF).
  • Skape gode oppvekstvilkår med godt vedlikehaldne idrettsanlegg og varierte anlegg for alle som skapar fysisk aktivitet i nærmiljøet ved skular, idrettsparkar og andre offentlege opphaldsrom.
  • Utvikle fylket saman med kommunane og organisasjonar.

Regional plan: Fysisk aktivitet for alle

Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 – 2019 er styrande for kva strategiar som skal leggast til grunn for å nå visjonen: «Fysisk aktivitet for alle». Denne planen avløyser regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 – 2017. 

Planen skisserer mange tiltak for å nå visjonen i planen. Den har eit handlingsprogram for tildeling til anleggsutbygging for særskilde anleggstypar. Kommunar, lag, organisasjonar og andre har kome med viktige innspel i utarbeiding av planen.

Spelemidlar til utvikling av anlegg og tiltak for fysisk aktivitet

Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar etter overskotet til Norsk Tipping frå Kulturdepartementet til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane. Søknadar skal sendast til kommunen der anlegget er plassert eller er planlagt oppført. Tal søknader har auka betydeleg siste åra og midlar til fordeling er om lag 50 millionar. Gå til sida om spelemidlar under "Tilskot". Fylkeskommunen samarbeider godt med idretten, lokale lag og organisasjonar og kommunar for å få fram gode søknader til ordninga. Mellom anna:

Tilråding for fysisk aktivitet

Helsedirektoratet gjev råd om fysisk aktivitet og råd om å redusere stillesitting.

  • Barn og unge vert tilrådd minimum 60 minuttar fysisk aktivitet kvar dag. Aktiviteten kan fordelast i ei veke. Intensiteten bør vere moderat og hard.
  • Vaksne bør vere fysisk aktive minst 30 min dagleg, eller minst 3 1/2 time kvar veke. Det er tilstrekkeleg at aktiviteten har moderat intensitet. Aktiviteten kan utførast i bolkar minst 10 minutt og fordelt gjennom veka. Alternativt kan ein gjere ein kombinasjon av moderat og hard aktivitet. Om intensiteten er høg, kan den totale tida reduserast. 

Les meir på Helsedirektoratet sine sider om korleis du kan redusere sittestilling.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00