Samansett bilete som syner ein illustrasjon av fylkesvåpenet til venstre og fylkesordførarkjeda til høgre. Våpenet er hovudelementet i kjeda, som elles er sett saman av elleve element som skal illustrere ulike sider ved Sogn og Fjordane, som stavkyrkjer, fjord, bre, fjordhest, industri, kraft, Gulatinget, kultur, fiskeri og havbruk og kommunikasjon.

Fylkesvåpenet

Fylkesvåpenet syner tre blå spissar mot venstre på sølvgrunn. Dei tre spissane symboliserer dei tre fjordane Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden. Sølvbotnen er symbol for landskapet mellom fjordane.

Alle fylke og kommunar i landet har eit eige våpenskjolde, og Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk sitt ved kongeleg resolusjon 23. september 1983. Fjordane er hovudelement i fylkesvåpenet fordi mest alle bur nær ein fjord i Sogn og Fjordane, og alle har levevilkår prega av det. Fjordane gjev grunnlag for samband, men kan òg vere stengsler.

Logoen til fylkeskommunen
Fylkesvåpenet er ein viktig del av logoen til fylkeskommune, som du ser øvst til venstre på sida her. Det er reglar for korleis og når logoen skal brukast.

Meir om logo og grafisk profil for fylkeskommunen.

Fylkesordførarkjeda
Fylkesvåpenet er også hovudelementet i fylkesordførarkjeda, som fylkesordføraren nyttar når ho representerer fylkeskommunen.

Dei andre elementa i kjeda symboliserer ulike sider ved Sogn og Fjordane, som brear, kommunikasjon, kultur, stavkyrkjer, kraft og industri, fiskeri og havbruk, fjordhesten og Gulatinget, og Selje kloster.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven