Foto av fylkesordførar Jenny Følling ved eit møtebord. Ho har på seg blå jakke og grått skjerf. På bordet framføre seg har ho ein kaffikopp og eit papir. I framkant i biletet ser vi to pc-ar.

Møtet i fylkesutvalet 12. mai vart gjennomført som telefonmøte, og fylkesordførar Jenny Følling leia møtet frå Fylkeshuset. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylkesutvalet avslutta nedsalet av Fjord1

I møtet 12. mai fullførte fylkesutvalet fylkeskommunen sin avtale med Havilafjord AS om salet av Fjord1 AS.

Havilafjord kjøpte 26 prosent av aksjane i Fjord1 i august i fjor. Avtalen var då at dei hadde rett til å kjøpe dei resterande 33 prosentane av fylkeskommunen sin eigardel mellom 1. januar 2017 og 31. mars 2019.

Det er denne avtalen som no er avlutta og oppfylt.

Nedsalet skjer, etter ønske frå Havilafjord, noko raskare enn avtalt, av omsyn til at dei planlegg å børsnotere Fjord1. Det er planlagd generalforsamling i Fjord1 16. mai, og det er avtalt oppgjer for opsjonsaksjane 22. mai 2017.

Sævik må stille bankgaranti overfor fylkeskommunen for salet av aksjane.Etter planen skulle fylkeskommunen betale 15 mill. kr for denne, men på grunn av at Havilafjord no vil framskunde overtakinga av aksjane, har selskapet tilbydd seg å redusere dette til 10 mill. kr.

Per Sævik stadfestar at han står ved å bevare arbeidsplasser og aktiviteten i Florø også etter at aksjonæravtalen er borte.

Protokoll frå møtet i fylkesutvalet 12. mai 2017.

Les heile saksframlegget.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713