Refleks forma som snøkrystall heng midt i biletet, mot brun bakgrunn som får lys frå nedre høgre biletkant. Foto: Thomas Angermann/www.flickr.com

Foto: Thomas Angermann/www.flickr.com

Fylkestrafikktryggingsutvalet

Fylkeskommunen skal ta i vare trafikktrygginga i Sogn og Fjordane. Det ansvaret er det fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) som har.

Trafikktryggingsutvalet er eit underutval under hovudutvalet for samferdsle. Utvalet får ansvar og mynde frå § 40a i vegtrafikklova, der det står at fylkeskommunen har eit ansvar for å tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktryggleiken i fylket.

Fire satsingsområdet i handlingsplanen for trafikktrygging i Sogn og Fjordane 2014–2017:

  • unge
  • foreldre
  • arbeidsgjevarar
  • førarrett for risikogrupper

Visjon og målsetting

Visjonen for trafikktryggingsarbeidet i fylket er null drepne og null varig skadde i trafikken.

Målsettinga for fylket er at talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken skal vere halvert innan 2024 i høve til gjennomsnittleg tal drepne og hardt skadde i åra 2008–2011. Målsettinga tek utgangspunkt i tilsvarande målsetting i Nasjonal transportplan 2014–23.

Medlemer i trafikktryggingsutvalet

I tillegg har FTU konsultative medlemmar med uttalerett, men ikkje stemmerett. Dei konsultative medlemmane kjem blant anna frå politiet, Statens vegvesen, Trygg Trafikk, Fylkesmannen og fylkeskommunen.

Statens vegvesen har sekretariatet for trafikktryggingsutvalet og har dermed ansvar for å førebu sakene til utvalet. Sekretariatat sender sakframlegga over til fylkesrådmannen for eventuelle merknadar og godkjenning før dei vert fremja for trafikktryggingsutvalet.

Tre av dei fem avdelingane i fylkeskommunen deltek i trafikktryggingsarbeidet, samferdsleavdelinga, opplæringsavdelinga og plan- og samfunnsavdelinga.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713