Fylkestinget for ungdom lagde på eitt av tingseta ein framtidsvegg, der elevane klistra opp post it-lappar med kvar dei såg føre seg at dei er om 20 år. Veggen vart fylt med gule, rosa, grøne og lyseblå lappar.

Fylkesting for ungdom

Fylkesting for ungdom (FFU) er det øvste talerøyret til ungdomen i Sogn og Fjordane. Tingsetet vert arrangert ein gong i året og representantane kjem frå ungdomsråda og dei fylkesdekkande ungdomsorganisasjonane.

Representantane kan være mellom 13 og 23 år og vert valde av ungdomane i kommunen eller organisasjonen. Dette vert vanlegvis gjort gjennom elevråd, kommunestyre for ungdom o.l. Ungdomspolitisk utval (UPU) følgjer opp utvelgingsprosessen, og dei valde representantane vert kontaktpersonane til UPU i perioden mellom to fylkesting for ungdom.

FFU arbeider for interessene til ungdom i fylket og for å auke samfunnsengasjementet hjå ungdomen. Sakene til dagsorden ved FFU skal være regional- og/eller lokalpolitiske saker som fremjar interessene til ungdom.

Alle ungdomar i fylket i alderen 13–23 år kan ta opp saker til FFU. Sakene vert handsama av UPU, og dei må vere UPU i hende minst ein månad før tinget.

Fylkesting for ungdom vert halde ein gang i året, og arrangementet er eit rusfritt arrangement. UPU set opp saksliste basert på innkomne saker, og saker det vil vere naturleg å ta opp.

Fylkesting for ungdom 2018

Fylkesting for ungdom vert 6. til 8. april 2018.

Tidlegare fylkesting for ungdom

Rapportar frå fylkesting for ungdom

Vedtekter for fylkesting for ungdom

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Martini
Leiar, ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
413 93 028

Guro Høyvik
Rådgjevar
Ungdomsdemokrati
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713