Nærbilete av fylkessteinen eklogitt. Steinen er raud-, grøn- og kvitspettete.

Fylkessteinen: Eklogitt

Eklogitt er i stor grad samansett av minerala granat og pyroksen. Ved Selje finst ein særleg vakker og interessant eklogitt, som er freda som naturminne.

Når eklogitten er "frisk", kan han vere vakkert raud- og grønspetta. Men bergarten har ofte tapt seg ved seinare omdanning og vil då vere mørk og innehalde restar av granat i ein lys blassgrøn grunnmasse (retroeklogitt).

Eklogittane finst som lag og linser i gneisar og andre bergartar i dei djupe delane av fjellkjedene. I Noreg finst dei på kyststrekninga frå Bergen til Tromsø, spesielt i Nordfjord og ytre delar av Møre og Romsdal.  

Eklogitt tilhøyrer gruppa av metamorfe (omdanna) bergartar, og er blant dei som har blitt danna under særleg høgt trykk. Dei fleste eklogittane i Noreg vart danna for omkring 400–420 millionar år sidan.

Alle fylka har val ut ein bergart som er særleg karakteristisk, eller har spesiell økonomisk, vitskapleg, estetisk eller kulturhistorisk verdi for fylket. (Kjelde: Naturhistorisk museum)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven