www.eid.vgs.no

Fylkesordførar

Fylkesordføraren er den fremste politiske og rettslege representanten for fylkeskommunen og er den som til vanleg representerer fylkeskommunen.

Jenny Følling

Jenny Følling

Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet.

Følling (f. 1962) er vald til fylkesordførar for perioden 2015–2019. I fireårsperioden før dette var ho fylkesvaraordførar. Følling har sete i fylkestinget sidan 2003 og har tidlegare vore gruppeleiar for Senterpartiet.

Ho er utdanna agroteknikar og har arbeidd som næringskonsulent i Gaular kommune og ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen.

Følling er frå Gaular og bur framleis i kommunen, der ho var ordførar frå 2003 til 2011.

 

6288302609_104cfa55c0_z.jpg

Åshild Kjelsnes

Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane. Ho var fylkesordførar i perioden 2011–2015 og fylkesvaraordførar frå 2009 til 2011. Kjelsnes er den første kvinna som hadde begge desse verva i Sogn og Fjordane. Ho vart vald inn i fylkestinget første gong i 1992.

Kjelsnes (f. 1957) er oppvaksen i Årdal og bur no i Florø.

 

 

 

 

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713