www.eid.vgs.no

Fylkeskulturprisen

Fylkeskulturprisen vert kvart år delt ut til ein eller fleire personar, eit lag eller ein organisasjon frå Sogn og Fjordane som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege eller kreativitet og evne til nyskaping.

Utdeling av Fylkeskulturprisen til Kristin Sønnerheim  Foto:Birthe Johanne Finstad/Sog og Fjordane fylkeskommune
Utdeling av Fylkeskulturprisen til Kristin Sønnerheim Foto:Birthe Johanne Finstad/Sog og Fjordane fylkeskommune

Årets vinnar

Hovudutvalet for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 1980 delt ut prisen for å inspirere til vidareutvikling av det kulturelle mangfaldet i fylket.

Fylkeskulturprisen 2017 gjekk til Kristin Sønnerheim, også kjent som "Mor Aurlandsdalen". Ho får prisen for arbeidet ho i mange år har gjort for å gjere Aurlandsdalen tilgjengelig for ålmenta.

Kristin Sønnerheim vert heidra for særlig to ting: For det fyrste det omfattande vedlikehalds - og restaureringsarbeidet ho har lag ned på garden Sinjarheim, fødestaden til mannen hennar Kåre. Sidan 1992 har det vore aktiv sommardrift på Sinjarheimen,  med elevar, lærarar og dyr frå Sogn Jord-og Hagebruksskule.  Sønnerheim har vore sterk medverkande til å få i gang og halde ved like denne drifta. Ho har også engasjera seg for å ta vare på gamle stølar og stølshus elles i området.

Det andre ho særlig er heidra for er arbeider med å rydde vegar og stiar så folk kan gå relativt lett gjennom Aurlandsdalen. Kvart år går tusenvis av menneske gjennom Aurlandsdalen, og vandreruta er ei av Noregs mest populære.

Kristin Sønnerheim har også lagt ned eit stort og omfattande arbeid i lags- og organisasjonsarbeid. Ho har hatt eit breitt, frivillig engasjement og har også vore politisk aktiv. 

 

Tidlegare vinnarar

  • 2017: Kristin Sønnerheim
  • 2016: Ove Henning Solheim og Dans Utan Grenser
  • 2015: Hilde Bjørkum
  • 2014: Kari Støfringsdal
  • 2013: Malakoff Rockfestival
  • 2012: Bremanger musikklag
  • 2011: Kari og Claus Kvamme 
  • 2010: Sigrid Terese Moldestad
  • 2009: Nedre Jølster Bilelag
  • 2008: Oddbjørn Hjelmeset
  • 2007: Oddvar Torsheim
  • 2006: Norsk Forbund for utviklingshemma
  • 2005: Kari Standal Pavelich/Michael Pavelich
  • 2004: Signe Lise Larsson Bergheim, Gloppen Leyeune Avdal, Årdal og Jorunn Reina, Førde
  • 2003: Norvald Tveit
  • 2002: Gruppa FABEL
  • 2001: Sigmund Eikås
  • 2000: Terje Ness
  • 1999: Musikkprosjekta i Årdal
  • 1998: Knut Rumohr
  • 1997: Vevringutstillinga
  • 1996: Leikanger Mannskor
  • 1995: Dale U.L.
  • 1994: Ludvig Eikaas
  • 1993: Kinnaspelet
  • 1992: Helge Bydal/Martinius Grov
  • 1991: Oddleif Fagerheim
  • 1990: Gloppen Jentekor
  • 1989: Honndalstausene
  • 1988: Audhild Viken
  • 1987: Rolf Losnegård/Jon Tolaas
  • 1986: Olav Stedje
  • 1985: Olaf Befring/Svein Brandsøy
  • 1984: Sundagsskulearbeidet
  • 1983: Rolf Myklebust
  • 1982: Siv Jørstad/Inge Rotevatn
  • 1981: Per Knut Aaland/Fotballgruppa i Sogndal I.L.
  • 1980: Ragnar Vigdal

Retningsliner

Retningslinene for tildeling av fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane vart vedteke i hovudutval for kultur, sak 55/13: 

Formål

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kvart år dele ut ein fylkeskulturpris. Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i fylket. Kulturprisen kan gjevast til personar, lag og organisasjonar:

  • som høyrer heime i fylket
  • som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Ein vil særleg vere oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Søknad og handsaming

Hovudutval for kultur avgjer om prisen skal delast ut og kven som skal få den. Ei innstillingsnemnd utpeika av hovudutval for kultur vurderer og innstiller kandidat(ar) til fylkeskulturprisen.

Tildelinga av fylkeskulturprisen vert offentleggjort når hovudutval for kultur har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med ei fylkestingsamling kvart år. Grunngjevinga frå hovudutvalet vert lagt fram av leiaren i hovudutvalet, medan fylkesordføraren står for sjølve utdelinga.

Frist for grunngjeve innspel til aktuelle kandidatar er 1. november.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingebjørg Erikstad
Ass. fylkesdirektør
Næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Relaterte lenker