Fylkeskulturprisen

Fylkeskulturprisen vert kvart år delt ut til ein eller fleire personar, eit lag eller ein organisasjon frå Sogn og Fjordane som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege eller kreativitet og evne til nyskaping.

Foto av Ove Henning Solheim med blomsterbukett i ei hand og diplomen for fylkeskulturprisen i den andre.
Ove Henning Solheim tok imot fylkeskulturprisen på vegne av seg sjølv og Dans Uten Grenser.

Årets vinnar

Hovudutvalet for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 1980 delt ut prisen for å inspirere til vidareutvikling av det kulturelle mangfaldet i fylket.

Fylkeskulturprisen for 2016 gjekk til Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser. Dei får prisen for å ha etablert og drive danseverkstadane i Dans Uten Grenser sidan 2006.

Solheim la grunnlaget for "danseverkstadmodellen" som vi i dag kjenner som Dans Uten Grenser, då han jobba som fritidsleiar i Rygge kommune. Han vidareførte arbeidet då han flytta heim til Førde i 2003 og etablerte Dans Uten Grenser Førde i tilknyting til «Skrivarløa» ungdomshus. Fylkeskommunen fatta interesse for danseverkstadmodellen som folkehelseprosjekt, og sidan 2006 har det blitt etablert danseverkstadar for barn og unge mellom 10 og 19 år i 13 kommunar i Sogn og Fjordane.

Dans Uten Grenser set ungdom i sentrum. Ungdommen får vere med å bestemme, noko som bidreg til at dei tar ansvar og blir sjølvstendige. Danseverkstadane vert drifta etter ung-til-ung-metodikk. 890 ungdommar har gjennomført opplæring som instruktørar dei siste ti åra, og fleire tusen barn og unge har vore med på verkstadane. 100 instruktørar jobbar kvar veke frivillig med undervisning. Dans Uten Grenser har arrangert danseframsyningar og turnear både i eige fylke og i utlandet.

Tidlegare vinnarar

  • 2016: Ove Henning Solheim og Dans Utan Grenser
  • 2015: Hilde Bjørkum
  • 2014: Kari Støfringsdal
  • 2013: Malakoff Rockfestival
  • 2012: Bremanger musikklag
  • 2011: Kari og Claus Kvamme 
  • 2010: Sigrid Terese Moldestad
  • 2009: Nedre Jølster Bilelag
  • 2008: Oddbjørn Hjelmeset
  • 2007: Oddvar Torsheim
  • 2006: Norsk Forbund for utviklingshemma
  • 2005: Kari Standal Pavelich/Michael Pavelich
  • 2004: Signe Lise Larsson Bergheim, Gloppen Leyeune Avdal, Årdal og Jorunn Reina, Førde
  • 2003: Norvald Tveit
  • 2002: Gruppa FABEL
  • 2001: Sigmund Eikås
  • 2000: Terje Ness
  • 1999: Musikkprosjekta i Årdal
  • 1998: Knut Rumohr
  • 1997: Vevringutstillinga
  • 1996: Leikanger Mannskor
  • 1995: Dale U.L.
  • 1994: Ludvig Eikaas
  • 1993: Kinnaspelet
  • 1992: Helge Bydal/Martinius Grov
  • 1991: Oddleif Fagerheim
  • 1990: Gloppen Jentekor
  • 1989: Honndalstausene
  • 1988: Audhild Viken
  • 1987: Rolf Losnegård/Jon Tolaas
  • 1986: Olav Stedje
  • 1985: Olaf Befring/Svein Brandsøy
  • 1984: Sundagsskulearbeidet
  • 1983: Rolf Myklebust
  • 1982: Siv Jørstad/Inge Rotevatn
  • 1981: Per Knut Aaland/Fotballgruppa i Sogndal I.L.
  • 1980: Ragnar Vigdal

Retningsliner

Retningslinene for tildeling av fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane vart vedteke i hovudutval for kultur, sak 55/13: 

Formål

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kvart år dele ut ein fylkeskulturpris. Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i fylket. Kulturprisen kan gjevast til personar, lag og organisasjonar:

  • som høyrer heime i fylket
  • som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Ein vil særleg vere oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Søknad og handsaming

Hovudutval for kultur avgjer om prisen skal delast ut og kven som skal få den. Ei innstillingsnemnd utpeika av hovudutval for kultur vurderer og innstiller kandidat(ar) til fylkeskulturprisen.

Tildelinga av fylkeskulturprisen vert offentleggjort når hovudutval for kultur har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med ei fylkestingsamling kvart år. Grunngjevinga frå hovudutvalet vert lagt fram av leiaren i hovudutvalet, medan fylkesordføraren står for sjølve utdelinga.

Frist for grunngjeve innspel til aktuelle kandidatar er 1. november.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingebjørg Erikstad
Ass. fylkesdirektør
Næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00