Fylkeskulturprisen 2013 går til Malakoff Rockfestival

Hovudutvalet for kultur bestemde i dag at Malakoff Rockfestival får fylkeskulturprisen 2013. Festivalen på Nordfjordeid får prisen for å ha gjort seg bemerka nasjonalt og for å bidra til godt omdøme for heile Sogn og Fjordane.

Hovudutvalet framhevar Malakoff som eit godt døme på kva ungdommeleg innsats har å seie for å utvikle kulturlivet i fylket. Festivalen starta som ei elevbedrift ved Eid vidaregåande skule. Vidare meiner utvalet at festivalen bidreg til godt omdøme og stoltheit hjå innbyggjarane både på Eid og i heile Sogn og Fjordane.

Malakoff er i dag basert på lokale krefter og dugnadsand og er samarbeidspart i rockeskulen på Eid. Det er eit stort engasjement og mykje dugnadsarbeid av alle aldersgrupper rundt festivalen. Arrangørane har vist evne og vilje til nytenking for å vere aktuelle og relevante for publikummet sitt.

Fylkeskulturprisen er på 50 000 kr og vert delt ut under møtet til fylkestinget i desember.

For meir informasjon

Nils Gjerland
leiar for hovudutvalet for kultur
tlf. 950 74 007

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven