www.eid.vgs.no

Bilete av gamalt bygningsmiljø på Lærdalsøyri.

Gamalt bygningsmiljø på Lærdalsøyri. Foto: Marcela Labarca © cc-by-sa

Fylkeskonservator

Kulturarv er ei kulturpolitisk satsing, og Sogn og fjordane fylkeskommune skal bidra til å forvalte vår nasjonale og regionale kulturarv i eit langsiktig perspektiv. 

 

I Sogn og Fjordane er kulturarven ei prioritert kulturpolitisk satsing og inngår i det strategiske arbeidet på kulturfeltet. I dette arbeidet skal vi bygge identitet, forståing og kunnskap om eiga historie og bakgrunn. 

Kulturminne som ressurs 

Kulturminna er viktige i seg sjølv, men har også stort potensiale som ressursar i lokalsamfunnsutvikling. Vi prioriterer difor å auke kunnskapen om verdiane kulturminna representerer. Vi samarbeider med kommunar, museum, lag og organisasjonar og eigarar av kulturminne.  

Samspelet i kulturminneforvaltinga

I arbeidet med å velje ut kva kulturminne som er viktige å ta vare på for framtida, må det gjerast ei rekke val og prioriteringar.

Synet på kva som er viktige kulturminneverdiar, er også i stadig endring. Stortingsmeldinga «Framtid med Fotfeste» skildrar dei viktigaste satsingane i åra som kjem.

I dette arbeidet har dei ulike forvaltningsnivåa definerte ansvarsområde. Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for å sjå til at dei kulturminne av nasjonal og regional verdi vert ivaretekne. Kommunane har eit særleg ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne.

Fylkeskommunen sine oppgåver

Arkeologi og automatisk freda kulturminne

Som regional kulturminnemyndigheit har fylkeskommunen eit delegert ansvar for dei automatisk freda kulturminna. Dette er kulturminne som er freda direkte etter lov og omfattar kulturminne frå tida før 1537. Alle ståande byggverk frå perioden 1537-1649, skipsfunn eldre enn 100 år og samiske kulturminne eldre enn 100 år, er også automatisk freda. Les meir i Lov om kulturminne på Lovdata.

Vil du vite meir om forvaltninga av våre eldste kulturminne eller har spørsmål om arkeologi i fylket, finn du meir informasjon på sida vår om automatisk freda kulturminne

Freda bygg

Fylkeskommunen har også eit delegert ansvar for bygg og bygningsmiljø som er freda gjennom vedtak. Her samarbeider fylkeskommunen tett med eigarane og gjev tilskot og fagleg rettleiing i arbeidet med å vedlikehalde bygningane. Er du eigar at eit freda hus eller lurer på kva ei freding eigentleg inneber, kan du lese meir på sida vår om freda bygg

Utviklingsprosjekt

Fylkeskommunen har fleire utviklingsprosjekt på kulturminneområdet.  Målet med desse prosjekta er å vise korleis det å ta vare på og formidle kulturarven kan vere ein ressurs i lokalsamfunnsutviklinga. Tilrettelegginga av Kongevegen over Filefjell er døme på eit slikt verdiskapingsprosjekt.  

Les meir om kulturarven si samfunsnytte i Riksantikvaren sin rapport om verdiskapningsarbeidet 2012 ‒ 2015

Kommunen sine oppgåver

Kommunane har som planmyndigheit eit spesielt ansvar for å ta vare på kulturminna i eigen kommune. Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet for å sikre dette. 

Kommunane har også eit særskilt ansvar for å ta vare på kulturminne av lokal verdi. Alle kommunane i fylket har gjort vedtak om å utarbeide ein lokal kulturminneplan for å få oversikt over kulturminneverdiane i eige lokalmiljø. Fylkeskommunen hjelper kommunane i dette arbeidet. Du kan finne meir nyttig informasjon om satsing på sida vår om lokale kulturminneplanar

Kva er forskjellen på eit freda og eit verneverdig bygg?

Dette spørsmålet får fylkeskommunen ofte. Difor er det nyttig med nokre avklaringar.

Eit freda bygg er freda i medhald av Lov om kulturminne. Det kan vere automatisk freda ut frå alder, det vil seie eldre enn 1650, eller det kan vere freda gjennom vedtak. At det er freda betyr at bygget er av nasjonal verdi og vert vurdert å vere ein viktig del av Noreg si historie. Fylkeskommunen har forvaltningsansvaret for dei freda bygga i privat eige og fordeler statlege tilskotsmidlar til desse bygga. 

Eit verneverdig bygg er eit bygg som vert oppfatta å vere verdifullt av eigarar og brukarar og som kommunen kan regulere til bevaring gjennom Plan- og bygningslova. Mange av dei verneverdige bygga er bygd før 1900, men dette er ikkje eit kriterium for å vern gjennom Plan- og bygningslova. Det er kommunane som har ansvar for å identifisere og verdsetje dei verneverdige kulturminna. Det finst ulike tilskotsmidlar til verneverdige bygg, mellom anna Norsk Kulturminnefond. Du kan lese meir om verneverdige kulturminne på sida vår om nyare tids kulturminne

Må eg betale for arkeologiske undersøkingar?

Det har danna seg mange myter kring kostnadsdekking av arkeologiske undersøkingar. 

Dette er hovudprinsippa:

  • Det er tiltakshavar som skal dekke kostnadane til arkeologiske undersøkingar.
  • Du må ikkje dekke kostnadar til arkeologiske undersøkingar dersom du tilfeldigvis kjem over funn på eigedomen din.
  • Staten dekker kostnadar til arkeologiske undersøkingar for mindre private tiltak.
  • Dersom du har eit større privat tiltak og det vert naudsynt med arkeologiske utgravingar, kan du få vurdert om desse kostnadane er urimeleg tyngjande. Staten kan då vurdere å dekke kostnadane heilt eller delvis. 

Har du spørsmål kring kostnadsdekking kan du kontakte Berit Gjerland, arkeolog og seniorrådgjevar, på berit.gjerland@sfj.no og 415 30 987. 

Kva saker skal sendast fylkeskommune til uttale?

Saker som rører ved regionale og nasjonale kulturminneinteresser skal sendast fylkeskommunen til uttale. For å sikre gode rutinar for dette, har fylkeskommunen utarbeidd ei liste med oversikt over kva saker dette gjeld. Oversikta under er spesielt nyttig for kommunane.

Les meir om kva saker som skal sendast fylkeskommunen.

Kontaktpersonar

Her er eit oversikt over dei tilsette som jobbar med kulturarv hjå fylkeskommunen. 

Namn Fagfelt Geografisk ansvarsområde E-post Telefon
Eva Moberg Fylkeskonservator   eva.moberg@sfj.no 90591452
Arlen Bidne Freda bygg og verdsarv   arlen.bidne@sfj.no 41530934
Stig Nordrumshaugen Restaureringsleiar freda bygg   stig.nordrumshaugen@sfj.no 99567194
Knut Åland Nyare tids kulturminne   knut.aland@sfj.no 95947117
Berit Gjerland Automatisk freda kulturminne Selje, Vågsøy, Bremanger, Gloppen, Jølster, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen.  berit.gjerland@sfj.no 41540987
Birgit Tansøy Automatisk freda kulturminne Flora, Førde, Naustdal, Gaular, Hornindal, Balestrand, Høyanger, Leikanger.  birgit.tansoy@sfj.no 90984022
Glenn Heine Orkelbog Automatisk freda kulturminne Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Eid og Stryn.  glenn.heine.orkelbog@sfj.no 41530612
Sigrun Espe Lokale kulturminneplanar   sigrun.espe@sfj.no 99044666

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Moberg
Fylkeskonservator
eva.moberg@sfj.no
905 91 452

Relaterte lenker