Foto som syner utsikt frå ein båt som er til sjøs. Det er i skumringa, og sola bryt gjennom skyene. Vi ser litt av båten til venstre i bilete og fjell i horisonten.

Foto: Finn Erik Moberg.

Fylkesdelplan - klima og miljø

Fylkeskommunen har ansvaret for å samordne nasjonal og lokal politikk innanfor klima og miljø. Dette inneber mellom anna å omsetje nasjonale klimamål til regionalt og lokalt nivå gjennom regional planlegging.

Den regionale planen for klima og miljø frå 2009 er ein samla og forpliktande klimapolitikk for fylket, både når det gjeld utsleppsreduksjon og klimatilpassing i forbruk og produksjon. Fylkeskommunen samarbeider med andre regionale aktørar om gjennomføring av planen, og skal i tillegg rådgje kommunane i deira miljøarbeid.

Fylkeskommunen sitt arbeidet med den regionale planen for klima og miljø er konkretisert i eit handlingsprogram som gjeld frå 2016-2017. Handlingsprogrammet skil mellom dei tiltaka som knyter seg til klimatilpassing og utsleppsreduksjon på regionalt nivå, og dei tiltaka som er relevante for miljøarbeidet på kommunalt nivå.

Fylkeskommunen har særleg ansvar for reduksjon i utslepp av klimagassar. Handlingsprogrammet listar opp tiltak innanfor samfunnsplanlegging, næringsutvikling, samferdsle og kultursektoren. Samstundes er andre tiltak retta mot eiga verksemd, som innkjøp, bygg og eigedom, IKT og vidaregåande opplæring.

Arbeidet med utarbeiding av ein ny regional plan for klimaomstilling er sett i gang, og venta klar til godkjenning i desember 2017.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette