Tre stenglar med lilla revebjelle er i fokus i biletet. Dei står framfor eit gamalt, umålt sel, og i bakgrunnen ser vi fleire revebjeller.

Fylkesblomen: Revebjelle

Revebjelle ei plante det er lett å kjenne att, med stenglar som kan bli opp mot 1,5 meter høge og raudfiolette blomar, som kan minne om fingerbøl. 

Det latinske namnet på revebjella er digitalis purpurea, og ho er del av maskeblomstfamilien. Det er ei typisk kystplante, som oftast er å sjå frå Agder i sør til Trøndelag i nord. 

Revebjella sprer frøa sine ved at stengelen fungerer som ei slags kastemaskin: Den høge stengelen er stiv og elastisk, og frøa vert kasta ut når stengelen rører seg i vinden, eller når dyr eller menneske kjem borti han.

Revebjella er på ei og same tid både ein av dei giftaste plantene vi har i Noreg, og ei av dei viktigaste medisinplantene vi kjenner til. På slutten av 1700-talet oppdaga den engelske legen William Withering at revebjella – i rett dose – kunne ha gunstig verknad på hjartelidingar. 

Det er Det norske hageselskap og Norsk botanisk forening som har foreslått kva som skal vere fylkesblome i dei ulike fylka.   

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven