www.eid.vgs.no

Frivillige organisasjonar

Frivillig aktivitet der menneske brukar tid og ressursar av andre motiv enn eigennytte, er eit gode og ein viktig kvalitet ved lokalsamfunna våre. 

Frivillige organisasjonar og grendelag mobiliserer rundt oppgåver og aktivitet, og skaper såleis arenaer for deltaking og meistring. Dette gagnar samfunnet, og  er viktig for ei positiv helseutvikling.

I Sogn og Fjordane har fylkeskommunen teikna partnarskapsavtalar/utviklingsavtalar om folkehelse med fleire frivillige organisasjonar for å styrke og forsterke organisasjonane og fylkeskommunen sitt arbeid. Organisasjonane har kompetanse som er viktig for fylkeskommunen og vise versa, og gjennom avtalane vert samarbeidsområde og komplementær kompetanse identifisert, nytta og utvikla til beste for utviklinga av fylket.

Utviklingsavtaler sikrar meir føreseielege driftsvilkår for organisasjonane og skal medverke til at organisasjonane held fram med å skape helse, trivsel og verdiar i heile fylket, gjennom frivillig arbeid. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

Relaterte lenker