Friluftsliv

Friluftsliv

Fylkeskommunen er eit friluftsorgan etter friluftslova  og har rett til å opptre, klage og reise søksmål for å ivareta ålmentas interesser i alle saker av interesse for friluftslivet.

Vi skal gje råd og rettleiing til kommunane og regionale friluftsorganisasjonar. Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordningar til friluftslivsformål.

Fylkeskommunen koordinerer også prosjektet Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Sogn og Fjordane med mål om at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftslivsområda innan 2018.

I tillegg gjennomfører fylkeskommunen jamnleg ulike kartleggingar av tilgjengelegheit i ulike friluftsområder. Dette vert gjennomført med stønad frå Kartverket, gjennom prosjektet "Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming". Sjå dokument-fana for å finne rapportar frå gjennomførte kartleggingar. 

Sjå også fysisk aktivitet.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00